... sin kompetanse i bruk av data er, naturleg nok, svært varierande. Nokre nyttar mykje tid med PC-en medan andre tastar det dei må og ikkje meir. PC vert nytta som hjelpemiddel i ulik grad i ulike yrke. Som lærar i yrkesfag har eg tre hovudvegar inn mot bruken av PC.
Den eine vegen er av administrativ art og gjeld mellom anna føring av fråvær, merknader og vurderingar. Her vil det ofte vera lite rom for tilpassing og me må rette oss etter det som vert pålagt frå arbeidsgjevar.
Veg to er PC-en som hjelpemiddel i arbeid og fritid. I utdanninga må me gjera elevane kjent med dei mest brukte systema innan kvart yrke. I tillegg bør elevane få kjennskap til bruken av programvare o.l. av meir generell karakter. Dette er slikt som kan nyttast på tvers av yrkesgrupper og privat/jobb. Her vil det delvis vera opp til skuleeigar og delvis opp til faglærar kva som skal nyttast og i kva omfang. Kompetansen elevane oppnår vil i stor grad vera avhengig av den digitale kompetansen til læraren.
Den tredje vegen er dei digitale hjelpemidla me har som pedagogar. Kva skal/bør/kan me nytte i opplæringa?
Her er alt overlatt til læraren. Mange har skaffa seg ein minimumskompetanse som gjer at dei kjem gjennom undervisninga. Andre let seg fasinere av teknikk og kva som er mogleg og har stadig nye variantar av digitale løysingar i opplæringa.
Eg trur mange lærarar har mykje å lære i bruk av data i undervisninga. Kva egnar seg når? Korleis brukar eg filmsnuttar eg finn på nettet? Korleis vert powerpointen mest effektiv? Korleis nyttar eg innleveringar i digital form? Når og korleis kan eg bruke testar? Kva finn er kvar? Korleis skal eg halde meg til ulike nettstader som presenterar seg som gode hjelparar? Spørsmåla er mange, fleire enn dei eg har rekna opp her, og få, om nokon, har enkle fasitsvar.
Det viktigaste spørsmålet står att
KVA ER DET SOM TENAR ELEVEN BEST?
Eg er redd svaret her vert sterkt farga av læraren sin kompetanse og erfaring i bruk av PC.
Her luftar eg nokre av mine tankar som lærar i vidaregåande skule. Hovudvekta vil vera omkring bruk av data i opplæringa og som administrativt verkty. Andre emne finn du kommentert under http://jensrom2.blogspot.com
tirsdag 26. januar 2010
mandag 18. januar 2010
Krav ...
til tilsette gjer at dei heller vel sjukemelding. Dette vart presentert i nyheitsendingar på radio i dag tidleg. Minnar om ei historie frå skulestarten hausten 2009. Kontaktlæraren i eit yrkesfag VG2 presiserte over for elevane at dei burde gjera ein innsats og at det både frå skula og bedrifter vart venta at dei viste iniativ og interesse for faget. Dette vart møtt med utsagnet: "Du må ikkje seie slikt. Å høyre at det vert stilt krav gjer oss deprimerte".
Korleis kan skula motivere desse til innsats? Kva slags arbeidstakarar vert det av slike?
Korleis kan skula motivere desse til innsats? Kva slags arbeidstakarar vert det av slike?
søndag 10. januar 2010
Elevsamtalene ...
... nærmar seg. Det er tid for ein meir formell samtale mellom elev og kontaktlærar. Gjennom heile skuleåret er det ein dialog mellom elev og faglærar. Her får eleven kjennskap til korleis læraren vurderar kva eleven kan så langt. Vurderinga skal legge vekt på det eleven kan og kva denne bør arbeide med for å auke kompetansen i faget.
Samtala mellom eleven og kontaktlæraren skal ta for seg alt det andre som vedkjem eleven og den denne personen bør lære seg på vegen mot tilværet som vaksen. Som grunnlag for samtala er forskrift til opplæringslova
§ 3-8. Dialog om anna utvikling
Eleven, lærlingen og lærekandidaten har rett til jamleg dialog med kontaktlæraren eller instruktøren om sin utvikling i lys av opplæringslova § 1-1, generell del og prinsipp for opplæringa i læreplanverket.
Dette er omfattande materiale og stiller store krav til læraren. Denne må kjenne innhaldet i overnemnte dokument og kva kompetanse eleven har. Læraren skal så gi råd om korleis eleven bør arbeide vidare for auka positiv utvikling. Ein god kommunikason med alle andre som er i kontakt med eleven på skule er nødvendig. Er framferda den same overfor kontaktlæraren som overfor faglærar, reinhaldar, vaktmeister, rektor og andre? Korleis er samværet med andre elevar?
Med tanke på romjula sitt store tema, mobbing, bør me kanskje vera ekstra merksame på dette. Korleis kan me oppdage om mobbing foregår i vår klasse? Er all skuld hjå mobbaren? Kan den mobba medverke til endra haldningar og framferd? Korleis fortelje dette til partane i ei mobbesak?
Terminkarakterar etter fyrste termin skal settast og elevsamtaler gjennomførast. Utfordringane står i kø ved starten av det nye året. Dette kjem i tillegg til den vanlege undervisninga og det andre arbeidet ein lærar gjer kvar arbeidsdag.
Og etter dette følgjer samtaler med dei føresette...

lørdag 26. desember 2009
Den svake eleven ...
... vert stadig sett i sentrum. Det er mykje snakk om korleis denne skal takast hand om. Sjeldan er det snakk om den sterke eleven. Eleven som ynskjer å lære.
For den som nyttar seg av retten til skuleplass følgjer det med nokre plikter. Desse er det lite snakk om. Mange elevar er ikkje klar over at det finst plikter. Opplæringslova gir elevane plikter. Desse er ofte nærare presisert i ordensreglement for skulen. Eleven skal følgje opplæringa i den form den vert gitt. Dei pliktar å rette seg etter det læraren legg opp til. Sjølvsagt skal dei seie frå om det er noko dei ikkje er nøgde med, men dette skal ikkje gå ut over den planlagt undervisninga. Misnøye må takast opp når tid og stad er rett.
Bråk og uro i klassa krev mykje tid og energi. Dette gir mindre til læring. Slikt slit ikkje berre på læraren. Mange elevar lir også. Dette merkar me når den eine (eller dei 2) elevane ikkje er til stades i undervisninga. Lærings- og klassemiljøet vert betre og med det vert det meir læring.
For alles beste må me gjera klart for elevane at dei har plikter og at brot på desse kan føre til at dei kan få eigne opplegg. Eg trur me må få tilbake meir ro og orden i klasserommet der læraren har autoritet. Autoriteten skal brukast slik at elevane som gruppe får auka læring.
Etiketter:
klassemiljø,
læringsmiljø,
opplæringslova
søndag 22. november 2009
Sosiale nettverk
eller lærande nettverk. Kjært barn har mange namn og kanskje me kan kalle det sosialt og lærande nettverk? Kva om me lagar slike for skulen? Her kan elevar og tilsette få og gi informasjon til alle. Aktuelle saker kan drøftast i forum. Truleg vil elevane finne dette interessant og lett å ta i bruk. Korleis er det med lærarar og andre tilsette? Skal det fungere må minimum elevar og lærarar vera aktive. Deltaking frå andre tilsette vil auke nytteverdien. Jo fleire som deltak jo betre vil det kunne fungere.
Ulempa er at nokre kan oppfatte dette som ein formell veg å melde frå om ting dei ikkje er nøgde med og at informasjonen som er her er den einaste gjeldande. Det vert mange ulike system å halde orden på. LMS, e-post, skolearena, blir.no, MSN, Facebook, Twitter, Flickr, Nettby etc krev alle tid og engasjement. Klarar me å halde orden på alt? Kva med mobbing og anna trakassering med elektroniske media?
Med gode moderatorar burde dette vera verdt å forsøke.

onsdag 18. november 2009
Dokumentasjon ...
... av at undervegsvurdering er utført og at eleven har fått den tilbakemeldingen han har krav på, er eit vilkår i forskrifta til opplæringslova. Kva er god nok dokumentasjon? Er det nok at eg som lærar lagar mitt system og noterar nokre datoar? Kva om "skjemaet" inneheld nokre kommentarar i tillegg? Kan eg bevise noko med dette?
Tenk deg ein situasjon der ein elev hevdar at han har fått mangelfull undervegsvurdering. Eg kjem med nemnte skjema, men kva beviser det? Dette kan jo eg utarbeide for denne eleven når det vert spurt etter.
Skal dokumentasjonen halde mål må den på ein eller annan måte vera signert av begge partar eller gitt eit tidstempel. Kva system kan brukast då? Har me val?

torsdag 12. november 2009
Den gode nettbrukar ...
... veit kvar informasjon kan finnast. Han søkjer i fleire kjelder og er kritisk til den informasjonen han finn. Han er aktivt rundt og leitar etter nyttige sider. Han bygger nettverk som kan nyttast den dagen han treng hjelp. Han bidreg med eigen kunnskap og gjer denne tilgjengeleg for andre gjennom sine nettverk.
Den gode nettbrukar er også kritisk til det han legg ut på nettet. Alt som er publisert mistar ein kontrollen med i det det er publisert. Kven kopierar dette? Kvar vert det lagt ut att? Når vert det lagt ut att? Kva kan leggast ut og korleis skal ein halde seg til personvern og opphavsrett?
Kven skal lære ungdommane til å bli gode nettbrukarar? Føresette? Lærarane? Venner? I den grad skula, ved lærarane, skal bidra: Er kompetansen god nok? Er dette bakt inn i læreplanane eller må dette takast inn gjennom den generelle delen der elevane skal nytte digitale verktøy?
Skulane må ta nettbruk meir på alvor. Kompetansen hjå lærarane må aukast og elevane må få meir læring i å ferdast på nett.

Abonner på:
Innlegg (Atom)