lørdag 26. desember 2009

Den svake eleven ...

... vert stadig sett i sentrum. Det er mykje snakk om korleis denne skal takast hand om. Sjeldan er det snakk om den sterke eleven. Eleven som ynskjer å lære.
For den som nyttar seg av retten til skuleplass følgjer det med nokre plikter. Desse er det lite snakk om. Mange elevar er ikkje klar over at det finst plikter. Opplæringslova gir elevane plikter. Desse er ofte nærare presisert i ordensreglement for skulen. Eleven skal følgje opplæringa i den form den vert gitt. Dei pliktar å rette seg etter det læraren legg opp til. Sjølvsagt skal dei seie frå om det er noko dei ikkje er nøgde med, men dette skal ikkje gå ut over den planlagt undervisninga. Misnøye må takast opp når tid og stad er rett.

Bråk og uro i klassa krev mykje tid og energi. Dette gir mindre til læring. Slikt slit ikkje berre på læraren. Mange elevar lir også. Dette merkar me når den eine (eller dei 2) elevane ikkje er til stades i undervisninga. Lærings- og klassemiljøet vert betre og med det vert det meir læring.

For alles beste må me gjera klart for elevane at dei har plikter og at brot på desse kan føre til at dei kan få eigne opplegg. Eg trur me må få tilbake meir ro og orden i klasserommet der læraren har autoritet. Autoriteten skal brukast slik at elevane som gruppe får auka læring.