tirsdag 26. januar 2010

Lærarane ...

... sin kompetanse i bruk av data er, naturleg nok, svært varierande. Nokre nyttar mykje tid med PC-en medan andre tastar det dei må og ikkje meir. PC vert nytta som hjelpemiddel i ulik grad i ulike yrke. Som lærar i yrkesfag har eg tre hovudvegar inn mot bruken av PC.

Den eine vegen er av administrativ art og gjeld mellom anna føring av fråvær, merknader og vurderingar. Her vil det ofte vera lite rom for tilpassing og me må rette oss etter det som vert pålagt frå arbeidsgjevar.

Veg to er PC-en som hjelpemiddel i arbeid og fritid. I utdanninga må me gjera elevane kjent med dei mest brukte systema innan kvart yrke. I tillegg bør elevane få kjennskap til bruken av programvare o.l. av meir generell karakter. Dette er slikt som kan nyttast på tvers av yrkesgrupper og privat/jobb. Her vil det delvis vera opp til skuleeigar og delvis opp til faglærar kva som skal nyttast og i kva omfang. Kompetansen elevane oppnår vil i stor grad vera avhengig av den digitale kompetansen til læraren.

Den tredje vegen er dei digitale hjelpemidla me har som pedagogar. Kva skal/bør/kan me nytte i opplæringa?
Her er alt overlatt til læraren. Mange har skaffa seg ein minimumskompetanse som gjer at dei kjem gjennom undervisninga. Andre let seg fasinere av teknikk og kva som er mogleg og har stadig nye variantar av digitale løysingar i opplæringa.

Eg trur mange lærarar har mykje å lære i bruk av data i undervisninga. Kva egnar seg når? Korleis brukar eg filmsnuttar eg finn på nettet? Korleis vert powerpointen mest effektiv? Korleis nyttar eg innleveringar i digital form? Når og korleis kan eg bruke testar? Kva finn er kvar? Korleis skal eg halde meg til ulike nettstader som presenterar seg som gode hjelparar? Spørsmåla er mange, fleire enn dei eg har rekna opp her, og få, om nokon, har enkle fasitsvar.

Det viktigaste spørsmålet står att
KVA ER DET SOM TENAR ELEVEN BEST?

Eg er redd svaret her vert sterkt farga av læraren sin kompetanse og erfaring i bruk av PC.

mandag 18. januar 2010

Krav ...

til tilsette gjer at dei heller vel sjukemelding. Dette vart presentert i nyheitsendingar på radio i dag tidleg. Minnar om ei historie frå skulestarten hausten 2009. Kontaktlæraren i eit yrkesfag VG2 presiserte over for elevane at dei burde gjera ein innsats og at det både frå skula og bedrifter vart venta at dei viste iniativ og interesse for faget. Dette vart møtt med utsagnet: "Du må ikkje seie slikt. Å høyre at det vert stilt krav gjer oss deprimerte".
Korleis kan skula motivere desse til innsats? Kva slags arbeidstakarar vert det av slike?

søndag 10. januar 2010

Elevsamtalene ...

... nærmar seg. Det er tid for ein meir formell samtale mellom elev og kontaktlærar. Gjennom heile skuleåret er det ein dialog mellom elev og faglærar. Her får eleven kjennskap til korleis læraren vurderar kva eleven kan så langt. Vurderinga skal legge vekt på det eleven kan og kva denne bør arbeide med for å auke kompetansen i faget.
Samtala mellom eleven og kontaktlæraren skal ta for seg alt det andre som vedkjem eleven og den denne personen bør lære seg på vegen mot tilværet som vaksen. Som grunnlag for samtala er forskrift til opplæringslova

§ 3-8. Dialog om anna utvikling
Eleven, lærlingen og lærekandidaten har rett til jamleg dialog med kontaktlæraren eller instruktøren om sin utvikling i lys av opplæringslova § 1-1, generell del og prinsipp for opplæringa i læreplanverket.

Dette er omfattande materiale og stiller store krav til læraren. Denne må kjenne innhaldet i overnemnte dokument og kva kompetanse eleven har. Læraren skal så gi råd om korleis eleven bør arbeide vidare for auka positiv utvikling. Ein god kommunikason med alle andre som er i kontakt med eleven på skule er nødvendig. Er framferda den same overfor kontaktlæraren som overfor faglærar, reinhaldar, vaktmeister, rektor og andre? Korleis er samværet med andre elevar?
Med tanke på romjula sitt store tema, mobbing, bør me kanskje vera ekstra merksame på dette. Korleis kan me oppdage om mobbing foregår i vår klasse? Er all skuld hjå mobbaren? Kan den mobba medverke til endra haldningar og framferd? Korleis fortelje dette til partane i ei mobbesak?
Terminkarakterar etter fyrste termin skal settast og elevsamtaler gjennomførast. Utfordringane står i kø ved starten av det nye året. Dette kjem i tillegg til den vanlege undervisninga og det andre arbeidet ein lærar gjer kvar arbeidsdag.
Og etter dette følgjer samtaler med dei føresette...