lørdag 2. april 2011

Lærarar og sosiale media

Buskerud fylkeskommune inviterar til utveksling av synspunkt om bruk av sosiale media. Så langt har dette vorte ein diskusjon om skule, Facebook og elevar som venner. At dette er eit aktuelt og tilbakevendande tema syner innlegget mitt frå 3. april 2010.

Som lærar vel eg å nytte sosiale media:
-  for å kjenne miljøet ungdommane ferdast i. Det kjente er mindre skremmande og farleg enn det ukjente.
-  for å utveksle idear og erfaringar med andre innan skuleverket.

Som privatperson vel eg å nytte sosiale media:
-  for å halde kontakt med slekt og venner fjernt og nært.
-  for å gi uttrykk for mi meining om aktuelle tema.

Kva så med omgrepet VENNER på Facebook? Dette har etter kvart vorte reine gryteretten. Her er det godt kjente, mindre kjente og nærast ukjente samla i ei smørju. Korleis handterar eg ungdom i dette? Eg ber sjeldan eller aldri om vennskap til ungdom, inklusiv elevar, men vel å legge til ungdom som ynskjer vennskap. Det er fleire årsakar til dette.
- Det eg legg ut skal vera slik i innhald og form at kven som helst skal kunne sjå og lese. Då treng eg ikkje skilje så nøye på kven som er mine Facebookvenner.
- Ungdom kan ha godt av å vite at mykje av det dei legg ut også vert sett av vaksne. Sjølv om dei enklare styrer kva eg skal sjå som venn enn som venners venn.
- Eg vil ikkje gjera forskjell på 2 ungdommar som vil vera venn fordi eg er venn av foreldra/familien til den eine, men ikkje den andre. Fleire venner av mine born er venn med meg på Facebook.
-  Eg vil ikkje gjera forskjell på 2 ungdommar der eg har felles fritidsinteresser med den eine, men ikkje den andre.
-  Eg vil ikkje slette vennskap fordi ein ungdom får meg som lærar. Er eg venn med ungdom gjennom deira ungdomsskuletid kan eg slutte dette om dei kjem som elev i mi klasse på vidaregåande.
-  Eg får eit innblikk i kva som opptek ungdommane.
-  Eg får eit innblikk i deira måte å kommunisere på. Nyttig fordi det gjer det enklare for meg å kommunisere med mine elevar. Min reaksjon på deira talemål i klassa vert mildare og eg kan betre rettleie elevane i kommunikasjon på tvers av generasjonar. Korleis bør dei kommunisere med arbeidsgjevar, kollegaar og kundar når dei kjem ut i arbeidslivet.
-  Om ein av ungdommane på mi venneliste opplever noko positivt ved å vera venn med ein vaksen har eg gitt eit positivt bidrag. Det kan vera nok å vite at det er nokon der. "Eg vart akseptert, ikkje avvist".

Hender det eg er skeptisk? Ja. Eg har ingen kontroll på kva mine venner legg ut og korleis dei handterar venners venner.  Men så tenkjer eg at det er faktisk slik verda er. Ungdommen skal lære seg å handtere dette.