tirsdag 26. januar 2010

Lærarane ...

... sin kompetanse i bruk av data er, naturleg nok, svært varierande. Nokre nyttar mykje tid med PC-en medan andre tastar det dei må og ikkje meir. PC vert nytta som hjelpemiddel i ulik grad i ulike yrke. Som lærar i yrkesfag har eg tre hovudvegar inn mot bruken av PC.

Den eine vegen er av administrativ art og gjeld mellom anna føring av fråvær, merknader og vurderingar. Her vil det ofte vera lite rom for tilpassing og me må rette oss etter det som vert pålagt frå arbeidsgjevar.

Veg to er PC-en som hjelpemiddel i arbeid og fritid. I utdanninga må me gjera elevane kjent med dei mest brukte systema innan kvart yrke. I tillegg bør elevane få kjennskap til bruken av programvare o.l. av meir generell karakter. Dette er slikt som kan nyttast på tvers av yrkesgrupper og privat/jobb. Her vil det delvis vera opp til skuleeigar og delvis opp til faglærar kva som skal nyttast og i kva omfang. Kompetansen elevane oppnår vil i stor grad vera avhengig av den digitale kompetansen til læraren.

Den tredje vegen er dei digitale hjelpemidla me har som pedagogar. Kva skal/bør/kan me nytte i opplæringa?
Her er alt overlatt til læraren. Mange har skaffa seg ein minimumskompetanse som gjer at dei kjem gjennom undervisninga. Andre let seg fasinere av teknikk og kva som er mogleg og har stadig nye variantar av digitale løysingar i opplæringa.

Eg trur mange lærarar har mykje å lære i bruk av data i undervisninga. Kva egnar seg når? Korleis brukar eg filmsnuttar eg finn på nettet? Korleis vert powerpointen mest effektiv? Korleis nyttar eg innleveringar i digital form? Når og korleis kan eg bruke testar? Kva finn er kvar? Korleis skal eg halde meg til ulike nettstader som presenterar seg som gode hjelparar? Spørsmåla er mange, fleire enn dei eg har rekna opp her, og få, om nokon, har enkle fasitsvar.

Det viktigaste spørsmålet står att
KVA ER DET SOM TENAR ELEVEN BEST?

Eg er redd svaret her vert sterkt farga av læraren sin kompetanse og erfaring i bruk av PC.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar