tirsdag 7. desember 2010

Karakteren ...

... eller vurderinga gitt av læraren skal fortelje i kva grad eleven har nådd kompetansemåla i lærplanen. Læraren skal legge til rette for at eleven skal få vist kompetansen sin. Men eleven må sjølv sørge for å delta i undervisninga slik at læraren får grunnlag for si vurdering. Utfordringa for mange lærarar (etter mi erfaring særleg dei med lang fartstid) er å halde seg strengt til kompetansemåla når dei vurderar. Mange ønskjer å ta med iver og aktiv deltaking i timane som kriterium ved fastsetting av karakter.
Eg kjenner ikkje til fag der opprekking av handa i timane er eitt av kompetansemåla. I den grad aktivitet og høg frammøteprosent skal telje med i vurderinga må dette skje som ei følgje av at dette har auka kompetansen til eleven. Deltakinga i seg sjølv skal ikkje premierast. Om eleven skal vidare i skulesystemet eller inn i arbeidslivet er det kompetansen i faget som er viktig. Iver og interesse, eller mangel på dette, kjem til uttrykk gjennom karakteren i orden og/eller åtferd.
På meg kan et virke som om nokre lærarar vert skuffa og vonbroten om ein elev har oppnådd kompetanse på ein annan arena enn i klasserommet. Dersom ein elev syner liten deltaking i timane, men likevel klarar å overtyde meg om høg kompetanse i faget har han rett og krav på ein høg karakter. Kvar, på kva måte, når, av kven og korleis eleven har oppnådd kompetansen er ikkje noko læreplanmål og skal ikkje påverke karakteren i faget. Om eleven gjennom sin aktivitet og åtferd påverkar læringsmiljøet i klassa på ein negativ måte kan dette kome til uttrykk gjennom nedsett karakter i orden og åtferd.
Nokre lærarar vil hevde at dei må kunne setje ned fagkarakteren til ein elev som stadig nyttar PC-en til ikkje faglege ting (t.d. spel og Facebook). Dei må i alle fall kunne truge med dette. Høyrer du til blant desse lærarane får du berre hugse på at dette er ein tom trussel. Dette har ikkje noko med faget å gjera. Du får heller vedgå at undervisninga di er kjedeleg og kanskje treng ei fornying. Om karakteren vert lågare enn den kunne ha vore må dette vera ei følgje av at kompetansen ikkje er høgare. Årsaka til dette kan vera dårleg innsats i timane. Men det er den reelle kompetansen og ikkje årsaka til kompetansen me skal vurdere.
Mange flinke elevar slit med å halde oppe motivasjonen i timane fordi dei ikkje får utfordringar. Når desse må finne på eigenaktivitet for å fylle skuledagen kan dei lett dra med seg mindre flinke elvar inn i internettverda. Som lærarar må me ikkje gløyme desse elevane. Kanskje me kan nytte dei til noko positivt ved å dra dei aktivt med i opplæringa av medelevar. Skal du lære bort eller forklare noko må du kjenne stoffet godt. På den viset vil alle kunne auke sin kompetanse.

Me er late. Det enklaste er å følgje same opplegget eg har brukt tidlegare. Dette gir lite planlegging og meir tid til andre gjeremål. Ta utfordringa: Forny undervisninga di. Truleg vil dette gi ein betre kvardag både for elevar og lærarar.