søndag 22. november 2009

Sosiale nettverk

eller lærande nettverk. Kjært barn har mange namn og kanskje me kan kalle det sosialt og lærande nettverk? Kva om me lagar slike for skulen? Her kan elevar og tilsette få og gi informasjon til alle. Aktuelle saker kan drøftast i forum. Truleg vil elevane finne dette interessant og lett å ta i bruk. Korleis er det med lærarar og andre tilsette? Skal det fungere må minimum elevar og lærarar vera aktive. Deltaking frå andre tilsette vil auke nytteverdien. Jo fleire som deltak jo betre vil det kunne fungere.

Ulempa er at nokre kan oppfatte dette som ein formell veg å melde frå om ting dei ikkje er nøgde med og at informasjonen som er her er den einaste gjeldande. Det vert mange ulike system å halde orden på. LMS, e-post, skolearena, blir.no, MSN, Facebook, Twitter, Flickr, Nettby etc krev alle tid og engasjement. Klarar me å halde orden på alt? Kva med mobbing og anna trakassering med elektroniske media?

Med gode moderatorar burde dette vera verdt å forsøke.

onsdag 18. november 2009

Dokumentasjon ...

... av at undervegsvurdering er utført og at eleven har fått den tilbakemeldingen han har krav på, er eit vilkår i forskrifta til opplæringslova. Kva er god nok dokumentasjon? Er det nok at eg som lærar lagar mitt system og noterar nokre datoar? Kva om "skjemaet" inneheld nokre kommentarar i tillegg? Kan eg bevise noko med dette?
Tenk deg ein situasjon der ein elev hevdar at han har fått mangelfull undervegsvurdering. Eg kjem med nemnte skjema, men kva beviser det? Dette kan jo eg utarbeide for denne eleven når det vert spurt etter.

Skal dokumentasjonen halde mål må den på ein eller annan måte vera signert av begge partar eller gitt eit tidstempel. Kva system kan brukast då? Har me val?

torsdag 12. november 2009

Den gode nettbrukar ...

... veit kvar informasjon kan finnast. Han søkjer i fleire kjelder og er kritisk til den informasjonen han finn. Han er aktivt rundt og leitar etter nyttige sider. Han bygger nettverk som kan nyttast den dagen han treng hjelp. Han bidreg med eigen kunnskap og gjer denne tilgjengeleg for andre gjennom sine nettverk.
Den gode nettbrukar er også kritisk til det han legg ut på nettet. Alt som er publisert mistar ein kontrollen med i det det er publisert. Kven kopierar dette? Kvar vert det lagt ut att? Når vert det lagt ut att? Kva kan leggast ut og korleis skal ein halde seg til personvern og opphavsrett?

Kven skal lære ungdommane til å bli gode nettbrukarar? Føresette? Lærarane? Venner? I den grad skula, ved lærarane, skal bidra: Er kompetansen god nok? Er dette bakt inn i læreplanane eller må dette takast inn gjennom den generelle delen der elevane skal nytte digitale verktøy?

Skulane må ta nettbruk meir på alvor. Kompetansen hjå lærarane må aukast og elevane må få meir læring i å ferdast på nett.

søndag 8. november 2009

Vurdering ...

... er delt i to. Sluttvurderinga skal syne kva kompetanse eleven har i faget når opplæringa er avslutta. Dette er det eleven kan i dette faget. Innsats, frammøteprosent og iver etter å lære faget, eller motsett, skal ikkje telle med. Dette er greitt. Ein elev med stort fråver og dårleg innstilling til faget vil ofte oppnå ein dårlegare kompetanse enn ein som er flittig. Samstundes kan det vera forhold ved opplæringa som gjer at enkelte elevar har større utbytte av eigenstudiar enn opplæring i samla klasse. Ein framtidig arbeidsgjevar vil i fyrste omgang vete kva kompetanse ein person har i faget. På kva måte personen har oppnådd kompetansen er underordna. Utfordringa for eleven, og kæraren vert då korleis eleven skal få synt denne kompetansen til læraren. Forskrifta til opplæringslova pålegg læraren å legge til rette for at eleven skal få synt dette. Men kor langt skal ein strekke seg og korleis skal eleven kunne syne praktisk kompetanse utanom skulearenaen?
Eleven som er lite tilstades i timane vil også gå glipp av ein vesentleg del av undervegsvurderinga. Dette er den vurderinga læraren skal utøve parallelt med undervisning og annan opplæring. Undervegsvurderinga er todelt ved at den gir ei tilbakemelding om korleis arbeidet er gjort så langt og ei framovermelding om korleis læringa bør leggast opp vidare. For prøver og andre innleveringar kan slik undervegsvurdering gjevast gjennom skriftlege meldingar. Praktiske arbeidsoppgåver er det meir naturleg å kommentere munnleg og etter kvart som arbeidet går framover. Vurderingane skal ha ein lærande effekt. Talkarakteren på prøva som vert krølla saman i sekken er det liten verdi i. Den må følgjast av noko meir. Forskrifta til opplæringslova pålegg eleven å delta i vurderinga av den læringa han er ein del av og den kompetansen dette gir eleven. Ei samtale mellom lærar og elev vil kanskje vera det ideelle, men gir skuledagen rom for dette? Kan tida då elevane arbeider sjølvstendig med fagstoff nyttast til at læraren snakkar med enkeltelevar? Kor lett/vanskeleg er det å få til samtaler under fire auge i ein vanleg undervisningssituasjon? Her er det nok ein del skilnad mellom skulebygningar, elevgrupper, fag og lærarar.


Alle elevar skal no ha vurdering med karakter. Deltatt er ikkje lenger noko alternativ i dokumentasjonen til eleven etter gjenomført opplæring. For elevar som følgjer den vanlege læreplanen er ikkje dette noko problem. Kva med eleven som har eigen opplæringsplan (IOP) der læreplanmåla er sterkt innskrenka? Sett opp mot den fulle læreplanen vil ein kunne oppleve at elevar, sjølv med nær full måloppnåing etter sin IOP, ikkje kan få betre karakter enn 1-2. For nokre elevar er det å møte opp på skulen og delta i ei oppsett opplæring utfordring nok. Å tileigne seg kompetanse i fag i tillegg kan framstå som nær umogleg. Særleg om denne skal vera omfattande. Er det rett at desse skal ha ein talkarakter? Kva hjelp er dette framfor at eleven får delteke? Så kan ein spørje kvifor desse elevane er elevar i vidaregåande opplæring.

Tidlegare var det mange ungdommar som tok seg arbeid etter gjennomført grunnskule. Nokre av desse kom tilbake og tok vidare utdanning medan andre vart i arbeidslivet og vart dugande innan sitt felt utan vidare skulegang. I dag er det ikkje berre ein rett, men nærast ei plikt å gå på vidaregåande skule. Noko av dette kan skuldast at det er avgrensa kva ungdom på 16-17 år kan utføre av arbeid. Ville fleire hatt godt av eit meir aktivt tilbod om opplæring gjennom arbeid? Burde fleire få tilbod om arbeid utan å vera ein del av skulesystemet? Korleis vil dette kunne påverke skuledagen for for dei som er att i skulen?