fredag 4. juni 2010

Papirlaus skuledag

Er dette ønskeleg og mogeleg? Det kjem nok litt an på kva ein legg i papirlaust. Kva skal me med papirutgåva? Kvar er papiret når eg treng det? I ein eller annan papirhaug, i ein perm eller som ein krøll i botnen av PC-sekken? Er den i sekken er det nok i nærleiken når eg treng det elles er det mest truleg ein annan stad enn eg. PC-en er sjeldan langt borte når eg skal gjera skulearbeid. Den digitale versjonen er dermed der eg er, når eg treng innhaldet.
Skulekvardagen kan delast i to. Det eg kan gjera noko med og det andre avgjer.
Administrasjonen krev at eg signerar min elektronisk produserte reiserekning med BLÅ penn. Dette krev utskrift. Permisjonssøknad og vikartimeliste må skrivast på skjema i papirutgåve. Dette skuleåret har eg fått mest papir som student på høgskulekurs og møtedeltakar på ulike samlingar i skuleregi (inkl superbrukarsamling for dataprogram).

Kva så med det eg avgjer sjølv? Her er det ikkje mykje papir, men noko kan det reduserast endå. Dei fleste prøvene har eg levert ut i papir og fått inn att til retting på papir. Kvifor det? Det var mykje enklare å rette prøva der eg ikkje trong tyde skrift, men kunne konsentrere meg om innhaldet. Dette må eg gjere meir. Men får dei prøva via PC-en har dei jo tilgang til notat og andre hjelpemiddel. Ja vel, kva så? Det er heilt OK. Det har eg i min arbeidskvardag også, anten det er som lærar eller næringsdrivande. Men det vert lite gjort ein arbeidsdag der alt må finnast fram blant notat og internettoppslag. Har elevane tilgang til alle hjelpemiddel må oppgåvene lagast etter det. Dette kan gjerast ved at oppgåvemengda er så stor at det må arbeidast effektivt for å bli ferdig eller at oppgåvene krev tekst med eigne ord og refleksjonar for å få rett svar.


Kan eg så si at neste skuleår vil bli heilt papirlaust frå mi side? Den er det nesten i dag. Om me ser vekk frå dei skriftlege prøvene har eg dei siste par åra vore sterkt skeptisk, og lite villig til, å ta i mot elevarbeid i papirform. Det meste er produsert elektronisk og då kan det leverast til meg elektronisk. Nokre elevar likar å teikne på papir framfor å nytte PC, særleg i starten på skuleåret. Dette skal dei få lov til, men dei vil bli oppmoda om å nytte PC-en etterkvart.
I eitt fag skal elevane få levere på papir. Matematikk vert mykje leiting etter rette formelmalar om rekninga skal skje ved hjelp av PC. Unntaket er oppgåver knytt til bruk av rekneark. Det eg har å formidle til elevane kan vera elektronisk, men elevane skal få bruke papir og blyant. Dei har ikkje vont av litt trening i handskrift og noko papir skal eg vel klare å halde orden på.


Eg hatar å få papir så kvifor skal eg dele ut papir til andre? Skuleåret 2010/11 vil eg avgrense papirbruken meir enn i dag. Å kutte ut alt papir trur eg verken er nødvendig eller ønskeleg.