mandag 8. mars 2010

Mobbeboka ...

... Fordi jeg fortjener det? av Kristin Oudmayer set tankane i sving når det gjeld mobbing i skula. Det vert mange spørsmål og få svar. Det som sit att etter å ha lest historiene til dei som vert mobba er at mange har dårleg sjølvbilete og skil seg ut frå mengda på ein eller annan måte.
  • Kvar går grensa mellom vennskapleg erting (det å høyre til og bli sett) og mobbing?
  • Kva meiner den som gjer eller seier noko og korleis vert dette oppfatta av dei som ser og høyrer?
  • Er det frykta for det ukjente som gjer at nokon mobbar?
  • Kan skula gjere noko for å styrke sjølvbiletet?
  • Korleis kan me få elevane til å tenkje over handlingane sine før dei gjer eller seier noko som kan såre?
  • Korleis kommenterar me som lærarar elevane sine spørsmål og oppgåvesvar?
  • Forstår elevane ironi?
  • Om eleven eg snakkar til forstår at kommentaren ikkje er vondt meint, men er meint å skulle illustrere poenget på ein litt artig måte. Korleis vert dette oppfatta av medelevane?
  • Er all skuld hjå mobbaren?
  • Er det berre mobbaren som skal tilpasse seg?
  • Bør og kan mobbeofferet gjere noko for å kome mobbaren i møte?

 
Nokon kvar bør kanskje tenkje over korleis me oppfører oss i kvardagen. Merksemd rundt mogeleg mobbing bør vera der heile tida. Kampanjar er ikkje alltid det rette. Vert fokuset for sterkt kan nokre gå lei og nærast la seg provosere til å staret mobbing. Kanskje som uskuldig moro i fyrste omgang, men så er det dette med å stoppe i tide. Det kan vera vanskeleg.
Har me med oss overnemnte spørsmål, og kanskje nokre til, i kvardagen, vert det kanskje enklare å oppdage at ikkje alt er som det bør vera. Erfaring tilseier at problem er enklast å løyse medan dei er små.

onsdag 3. mars 2010

Er PC ...

... og bruk av sosiale media redningen i vidaregåande skule? Nei, det har eg ingen tru på. Det har siste tida vorte sagt og skrive mykje om fråfall i vidaregåande opplæring. Elevane sluttar før dei får studie- eller yrkekompetanse. Kvifor er det slik?
Då eg gjekk ut av grunnskula etter 9. klasse var det fleire av mine jamnaldringar som byrja i lønna arbeid. Nokre reiste til sjøs medan andre havna i bygge- og anleggsbransjen. Det dei oppnådde med dette var å få eit avbrekk frå skuledagen. Dei aller fleste kom tilbake på skulebenken og fekk seg ei utdanningen etter nokre år. I dag er dette ei lite brukt løysing for dei skuletrøytte. Restriksjonar i arbeidsmarknaden i høve til alder og opplæring gjer at det er færre arbeidsplassar å velge i. Dessutan vert det venta at alle skal ta vidaregåande opplæring.
Kva fører dette til? Mange skuletrøytte vel det programfaget dei har minst motførestillingar til. Motivasjonen til å gjennomføre opplæringa er minimal. Dette gir lett uro i klassane og dårleg læringsmiljø. Lærarane slit med å få elevane til å arbeide med fagstoffet for å tilegne seg kompetanse.

Alle lærer me på ulikt vis. Kanskje det å forlate det tradisjonelle og flytte opplæringa inn på arena der elevane er og føler seg heime kan bidra til at fleire finn seg til rette. Her er det ikkje snakk om enten eller, men heller både og. Sjølv er eg heldig og har flinke og motiverte elevar. Det dei etterlyser er ei variert opplæring. Det må vera litt forskjell frå time til time. Dette trur eg gjeld den skuletrøytte eleven også.

Ta digitale verkty og sosiale media i bruk der dette vil vera ein naturleg og utviklande del av opplæringa. Skal eg som lærar kunne gjera dette må eg kjenne verktyet og arenaane sjølv. Korleis kan eg, på eit fornuftig grunnlag, velge bort Facebook og Twitter dersom eg ikkje veit kva det er? Har eg kunnskap nok om MSN ved å lese om det i nettaviser?
Kva skal til for at ein lærar skal kunne hevde at Facebook, Twitter, MSN, SMS, simuleringsprogram etc ikkje kan nyttast i si klasse? Jo, læraren må kjenne tenestane og verktya. Dei må prøvast over tid. Og så må me dele idear og tankar rundt bruken.