torsdag 12. mai 2016

Fråvær skal ikkje ...

.... gi rett til karakter i fag. Utan omsyn til kompetanse. Kan dette vera rett? Som potensiell arbeidsgjevar ynskjer eg å få kjennskap til kva ein person kan. Kvar han/ho har lært dette er utan interesse.
Stort fråvær vil for mange resultere i dårlegare kompetanse og med det dårlegare karakter enn det kunne vore. Men i nokre fag kan nødvendig kompetanse vera tileigna gjennom andre kanalar enn på skula. Dersom eg som lærar får gjort mi vurdering må eg få setje ein karakter.

Som arbeidsgjevar vil eg kjenne til ALT fråvær ein potensiell arbeidstakar har hatt. Særskild fråvær får heller dokumenterast gjennom påskrift eller vedlegg til vitnemålet. Fjerning av fråværsdagar, utan omsyn til grunn, er ikkje bra. La fråvær og innsats kome til syne i karakterane i orden og åtferd. Fagkarakterane skal syne kompetanse i faget sett i lyset av læreplanen.

Dette kan ikkje vera rett. Her må statsråden vedgå feil og gjera om vedtaket. Undervegsvurdering gir verken tilgang til vidare opplæring eller arbeid. Det er det standpunktkarakteren som gir. Å kalle undervegsvurdering oppfylling av retten til vurdering er å dra dette vel langt.

Jo meir eg les i direktivet om fråversgrensa jo vanskelegare er det å forstå korleis nokon med bakkekontakt kan kome på slikt. Kom ned på jorda her me andre er.

I 2012 skreiv eg også noko om dette, men med eit litt anna utgangspunkt.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar