lørdag 24. oktober 2009

Sosiale nettverk og spel ...

... får priortet når undervisninga er for dårleg, eller eleven treng ei lita pause. Nå eg i min barn- og ungdom vart lei læraren si framføring gjekk blikket mot vindauga og tankane tok seg ein tur i draumeverda. Kanskje blyanten laga meir eller mindre snodige figurar på papiret. Kor langt eg var borte frå det som foregjekk i undervisninga kunne nok variere. I blant kunne dette vera eit middel til å halde øyra på det læraren fortalde. Andre gonger var det rett og slett eit behov for pause som gjorde at eg (får eg håpe) kom sterkare tilbake etter nokre minutt. Kven har ikkje opplevd dette eller liknande? Er du like merksam på alt det som foregår gjennom ein dag på skule- eller kursbenken?



Kva gjer elevane i dag? Med PC-en på pulten er det lett å klikke seg inn på ulike nettsider og la tankane kvile ved det som skjer der. Dette kan vera alt frå å oppdatere profilen på Facebook, delta i meir eller mindre krevande spel, lese nyheiter eller sende e-post. I klasserommet skjer nok mykje av dette under påskudd av at det vert tatt notatar.
Kva er skilnaden på det som skjer i dag sett opp mot det me var med på for nokre år sidan? I dag er det bruk av PC og kontakt med verda utanom skulen. Tidlegare var det din eigen fanatsiverd som fekk besøk. Men er det nokon skilnad sett opp mot læring? For eleven det gjeld trur eg ikkje det. Under føresetnad av at eleven "kjem tilbake" ganske raskt. Dette kan vera vanskeleg om spelet vert interessant, men MSN-meldinga og Facebookprofilen er det fort å kome vekk frå att.
Er det då noko problem om elevane nyttar PC-en til anna enn aktivitet knytt til faget? Ja, kanskje. Det er ein skilnad på kven andre som vert merksam på at eleven ikkje følgjer med i undervisninga. Tidlegare var dette i beste fall læraren. No er det alle elevane som sit i ein trekant bak eleven. Ein PC-skjerm som stadig er i endring vil trekke til seg blikket frå dei som kan sjå den. Då kan det fort vera fleire som let tankane fare og det er ikkje sikkert at desse er like kjeppe til å kome tilbake som den som starta "flukta".
Kva er det som fører til tankeflukt og endra mål for merksemda? Det er når eg vert sliten eller mistar interessa for det som burde vore i fokus. Som lærar får eg med dette ei utfordring.

NÅR ELEVANE "FORLET" UNDERVISNINGA ER EG KJEDELEG ELLER DÅRLEG I PRESSET PÅ Å HALDE MERKSEMDA PÅ FAG.

søndag 11. oktober 2009

Elevar kan ikkje ...

... bruke PC-en effektivt. Mykje av bruken har vore spel og chatting. Dei få dokumenta som er laga, er laga på fellesmaskiner på skula og/eller heime. Dei er i beste fall lagra på minnepinne eller tilfeldig på den maskina som vert brukt. På internett nyttar dei nokre få, faste sider og har hatt liten bruk for favorittmerking. Dette syner seg i stadig leiting etter tidlegare laga dokument og nettsider dei har vore inne på hugsar dei ikkje adressa til. Dei kan ikkje organisere dokument og nettadresser slik at dei finn dei att. Når VG1-elevane får sin eigen PC må dei lærast opp til organisering av denne.
Mange lærarar slit med denne organiseringa sjølve og då er det ikkje å vente at elevane skal klare det. Her må skuleleiinga ta ansvar og sørge for ein felles strategi.

For VG1 elektrofag har eg utarbeidd ein mal for organisering av dokumentmappa på elevane sine PC-ar. Denne er presentert for dei andre lærarane som har klassa. Som kontaktlærar sørga eg for at elevane la opp denne mappestrukturen. Strukturen og innhaldet i fagmappene må den enkelte faglærar ta ansvar for.
Slik er framlegget til organisering av dokument:


Tilsvarande bør favorittsider organiserast i nettlesaren.


Korleis dette kjem til å fungere står att å sjå, men det kan (truleg) ikkje bli verre enn fjorårets leiting. Dette er fyrste steg på vegen til å få ei effektiv nytting av PC-en og den informasjonen som er å finne ute i verden. Dette gjeld både digital informasjon og den kunnskap som enkeltindivida har. Den digitale informasjonen kan alle hente inn når dei får bruk for den. Kunnskap det enkelte individ har er vansklegare å få tak i og innhenting må planleggast. Her kjem bygging av nettverk inn, men det er tema ein anna gong.

onsdag 7. oktober 2009

IKT i skula

Dagens konferanse om bruk av data i opplæringen i skula var tankevekkande. Alle foredragshaldarane meinte at det er mykje læring i å utvikle nettverk via internett. Spørsmål som dukkar opp i kjølevatnet av dette er:
Bør det me kallar "sosiale nettverk" bytte namn til "lærande nettverk"?
Er mange lærarar skeptiske til elevane sin bruk av PC grunna i eigen usikkerheit?
Kjenner lærarane til korleis blogging, Facebook, Twitter, You tube og andre nettverk kan nyttast til opplæring?
Bør elevane få større fridom til å bruke dei digitale nettverka også i skuletida?
Bør lærarane nytte t.d Facebook og Twitter som alternative læringsarenaer?
Vert prøver og eksamenar tilpassa nye informasjonskanalar?

Kunnskapsløftet fokuserar på kompetanse. Kva er dette? Kompetanse er ei blanding av kunnskap, ferdigheit og haldning. Det er ikkje nok å kunne ein ting. Me må kunne gjera oss nytte av denne kunnskapen på rett tid og måte.