søndag 10. januar 2010

Elevsamtalene ...

... nærmar seg. Det er tid for ein meir formell samtale mellom elev og kontaktlærar. Gjennom heile skuleåret er det ein dialog mellom elev og faglærar. Her får eleven kjennskap til korleis læraren vurderar kva eleven kan så langt. Vurderinga skal legge vekt på det eleven kan og kva denne bør arbeide med for å auke kompetansen i faget.
Samtala mellom eleven og kontaktlæraren skal ta for seg alt det andre som vedkjem eleven og den denne personen bør lære seg på vegen mot tilværet som vaksen. Som grunnlag for samtala er forskrift til opplæringslova

§ 3-8. Dialog om anna utvikling
Eleven, lærlingen og lærekandidaten har rett til jamleg dialog med kontaktlæraren eller instruktøren om sin utvikling i lys av opplæringslova § 1-1, generell del og prinsipp for opplæringa i læreplanverket.

Dette er omfattande materiale og stiller store krav til læraren. Denne må kjenne innhaldet i overnemnte dokument og kva kompetanse eleven har. Læraren skal så gi råd om korleis eleven bør arbeide vidare for auka positiv utvikling. Ein god kommunikason med alle andre som er i kontakt med eleven på skule er nødvendig. Er framferda den same overfor kontaktlæraren som overfor faglærar, reinhaldar, vaktmeister, rektor og andre? Korleis er samværet med andre elevar?
Med tanke på romjula sitt store tema, mobbing, bør me kanskje vera ekstra merksame på dette. Korleis kan me oppdage om mobbing foregår i vår klasse? Er all skuld hjå mobbaren? Kan den mobba medverke til endra haldningar og framferd? Korleis fortelje dette til partane i ei mobbesak?
Terminkarakterar etter fyrste termin skal settast og elevsamtaler gjennomførast. Utfordringane står i kø ved starten av det nye året. Dette kjem i tillegg til den vanlege undervisninga og det andre arbeidet ein lærar gjer kvar arbeidsdag.
Og etter dette følgjer samtaler med dei føresette...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar