eg kan leve med er slik:
- bunden tid på skula som i dag
- minimum 2 timar skal leggast til ei tid av dagen då det ikkje er elevar på skulen
- arbeidsdagen skal vera samanhengande
- ekstra undervisning skal lønnast som overtid
- redusert undervisningsplikt frå fylte 55 år
Med dette vil ein oppnå:
- Tid til samarbeid der ingen treng ta omsyn til elevane
- Fleksibilitet for tilpassing til variasjon i arbeidsbyrde
- Betalt for arbeidet ein gjer
- Eldre lærarar får litt ekstra tid til å halde seg oppdatert med ny teknologi
Her luftar eg nokre av mine tankar som lærar i vidaregåande skule. Hovudvekta vil vera omkring bruk av data i opplæringa og som administrativt verkty. Andre emne finn du kommentert under http://jensrom2.blogspot.com
tirsdag 19. august 2014
onsdag 4. desember 2013
Tilpassa opplæring
vert det kalla, men i mange tilfelle er bjørneteneste eit betre, og rettare, uttrykk for det som skjer i grunnskula. Når me startar skuleåret med ein prat med kvar einskild elev får me ofte høyre at fag som matematikk og engelsk er vanskelege. Eleven har gjerne vanskar med lesing og skriving generelt. Kva har så vore botemiddelet i ungdomsskulen? Jo, eleven er tatt ut frå klassa og plassert saman med vaktmeistaren.
Kan nokon forklare meg korleis ein elev vert betre i lesing, skriving, rekning og engelsk ved å vera ute frå undervisninga i store delar av skuledagen?
Når elevane kjem til vidaregåande skule vil dei fleste ha som mål å få seg eit fagbrev. Ein fagarbeidar i dag må ha kompetanse i fag nemnt over. Korleis skal elevane kunne følgje klassa i desse faga om dei ikkje har grunnlaget frå ungdomsskulen?
Elevar som treng ekstra hjelp til innlæring må få nettopp slik lærehjelp og ikkje bli "premiert" med å sleppe undervisning. Å tenkje berre på dette skuleåret eller åra fram til eleven er ferdig med ungdomsskula er korttenkt. Dei som er 14 - 16 år i dag skal kanskje ha rundt 50 år i arbeidslivet etter at dei er ferdige med utdanninga si. Det er desse åra me må ha i tankane for barn og ungdom på deira veg gjennom skula.
Eit anna merkeleg fenomen er at elevar som treng ekstra tilpassing ofte vert plassert saman med ein elevassistent. Burde ikkje ein pedagog med spesialkompetanse vera betre rusta til å gi denne eleven ei god opplæring? Kva gjer ein ufaglært elevassistent betre egna?

onsdag 25. juli 2012
Livredde lærarar ---
… ynskjer at stort fråvær skal gi strykkarakter i fag.
Kompetanse i fag kan lærast andre stader enn på skule og av andre enn lærarar.
Karakter i fag skal syne kompetanse i faget. Stort fråvær må gi konsekvensar
for ordenskarakteren. Det er dette ”faget” eleven syner dårleg kompetanse i ved
stort fråvær.
Dei fleste elevane vil ha positiv effekt av å vera på skula
sjølv om innsatsen gjennom skuledagen kan vera laber. Men om ein elev har god
kompetanse i faget skal dette gjerast synleg gjennom ein god karakter. Slik
sett må elevane vera til stades slik at læraren får grunnlag for ei rett
vurdering av kompetansen. Kvar kompetansen er tileigna er, for meg som
arbeidsgjevar, av liten interesse og det burde den vera for læraren også. Er
elevar borte frå skulen vert det meir tid til dei elevane som er der. Kanskje
desse då kan hjelpast betre?
Bør karakterane i orden og åtferd bli gradert finare enn i
dag? Om alle startar på 4 kan god innsats (lite fråvær og aktiv deltaking i
opplæringa) lønast med høgare karakter medan dårleg frammøta og liten innsats
gir redusert karakter.
Andre sida av dette er eleven som slit i faget sjølv om det
vert lagt ned mykje arbeid både på skula og heime for å tileigne seg
kompetanse. I dag er det ingen stad denne innsatsen vert løna i form av betre
karakter (sjølv om enkelte lærarar ynskjer å gi høgare karakter i fag ved god
innsats).
lørdag 2. april 2011
Lærarar og sosiale media
Buskerud fylkeskommune inviterar til utveksling av synspunkt om bruk av sosiale media. Så langt har dette vorte ein diskusjon om skule, Facebook og elevar som venner. At dette er eit aktuelt og tilbakevendande tema syner innlegget mitt frå 3. april 2010.
Som lærar vel eg å nytte sosiale media:
- for å kjenne miljøet ungdommane ferdast i. Det kjente er mindre skremmande og farleg enn det ukjente.
- for å utveksle idear og erfaringar med andre innan skuleverket.
Som privatperson vel eg å nytte sosiale media:
- for å halde kontakt med slekt og venner fjernt og nært.
- for å gi uttrykk for mi meining om aktuelle tema.
Kva så med omgrepet VENNER på Facebook? Dette har etter kvart vorte reine gryteretten. Her er det godt kjente, mindre kjente og nærast ukjente samla i ei smørju. Korleis handterar eg ungdom i dette? Eg ber sjeldan eller aldri om vennskap til ungdom, inklusiv elevar, men vel å legge til ungdom som ynskjer vennskap. Det er fleire årsakar til dette.
- Det eg legg ut skal vera slik i innhald og form at kven som helst skal kunne sjå og lese. Då treng eg ikkje skilje så nøye på kven som er mine Facebookvenner.
- Ungdom kan ha godt av å vite at mykje av det dei legg ut også vert sett av vaksne. Sjølv om dei enklare styrer kva eg skal sjå som venn enn som venners venn.
- Eg vil ikkje gjera forskjell på 2 ungdommar som vil vera venn fordi eg er venn av foreldra/familien til den eine, men ikkje den andre. Fleire venner av mine born er venn med meg på Facebook.
- Eg vil ikkje gjera forskjell på 2 ungdommar der eg har felles fritidsinteresser med den eine, men ikkje den andre.
- Eg vil ikkje slette vennskap fordi ein ungdom får meg som lærar. Er eg venn med ungdom gjennom deira ungdomsskuletid kan eg slutte dette om dei kjem som elev i mi klasse på vidaregåande.
- Eg får eit innblikk i kva som opptek ungdommane.
- Eg får eit innblikk i deira måte å kommunisere på. Nyttig fordi det gjer det enklare for meg å kommunisere med mine elevar. Min reaksjon på deira talemål i klassa vert mildare og eg kan betre rettleie elevane i kommunikasjon på tvers av generasjonar. Korleis bør dei kommunisere med arbeidsgjevar, kollegaar og kundar når dei kjem ut i arbeidslivet.
- Om ein av ungdommane på mi venneliste opplever noko positivt ved å vera venn med ein vaksen har eg gitt eit positivt bidrag. Det kan vera nok å vite at det er nokon der. "Eg vart akseptert, ikkje avvist".
Hender det eg er skeptisk? Ja. Eg har ingen kontroll på kva mine venner legg ut og korleis dei handterar venners venner. Men så tenkjer eg at det er faktisk slik verda er. Ungdommen skal lære seg å handtere dette.

fredag 11. februar 2011
IKT-forum 2011 2. dag
I går vart me presentert for fleire ulike digitale verktøy. Det vart synt døme på korleis dei kan brukast utan at det vart gått i djupet. Programmet for dag 2 syner djupdykk i tankekart og litt meir om Facebook. Er dette noko for meg? Tankekart er eg tvilande til og Facebook kjenner eg. Kunne dagen heller vore nytta til å kome nærare inn på verktøya som vart presentert i går?
Tankekart er ikkje for alle, men kan nyttast i mange samanhengar. Sesjonen med Guttorm Hveem ga ei grei innføring og nokre nye tankar om bruken. Framleis er eg skeptisk og ser ikkje den heilt store nytteverdien i mine fag. Men innføringa kan kanskje kome til nytte i andre samanhengar.
Korleis bruke Facebook? Som kontaktlærar kan lukka side for klassa nyttast til kommunikasjon mellom lærar og elev og også mellom elevar. Dette skjer på ein meir aktiv måte enn i t.d. It's learning. Facebook og andre sosiale media kan nyttast for å stimulere skriving. Tja. Som skrivestimulerande verktøy ser eg fordelen, men eg har ikkje fag der dette er eit moment.
Kvifor skal skula oppsøke elevane for å få gitt informasjon? Er det ikkje læring i at elevane, regelmessig, må oppsøke stadene dei veit at informasjonen er å finne?
Kva tek eg med meg tilbake til eigen skule?
Tankar om nye digitale verktøy som det må finnast tid til å prøve ut før dei eventuelt kan nyttast saman med elevane.
Kva saknar eg?
Betre innføring i dei verktøya eg har mest tru på som nyttige for meg. Utveksling av brukarerfaringar i verktøy fleire av oss nyttar til dagleg. Korleis vert dei brukt? Positive og negative erfaringar? Kva er dei sterke og svake sidene?
Ein viktig faktor med slike samlingar er den uformelle praten i pauser og fritid. Å høyre korleis ting vert gjort på andre skuler er alltid av interesse.

torsdag 10. februar 2011
IKT-forum 2011 1. dag
Lærarar frå Buskerud er samla til IKT-forum i Kongsberg. Det vert presentert mange ulike digitale verktøy og ulike måtar å nytte desse på. Kva nytteverdi har alle desse i opplæring? Er dette leiketøy for teknointeresserte lærarar eller kompetansehevande for elevane?
I naturfag er dei kome langt i å lage digitale ressursar. Kan dette førast over og takast i bruk i andre fag?
Kor mykje tid må eg som lærar nytte på å sette me inn i alt dette? Kor mykje tid vil elevane bruke før dei kan ta verktøya i bruk for læring av fag? Kan me forsvare denne tidbruken? Tida me nyttar til å lære bruk av digitale verktøy reduserar tida me har til å lære faget. Kor mange av lærarane kan me vente at set seg inn i desse verktøya? Kor mange fag kan me fordele tida brukt til digital læring på?
Mange av "mine" elevar oppgir ønsket om å arbeide med data som årsak til å søke seg til VG1 elektrofag. Kva skjer gjennom skuleåret? Dei fleste går vekk frå dette og finn større interesse i andre delar av faget. Dette opplever eg som positivt. Det som er interessant er at fleire elevar gir uttrykk for at PC-en, til tider, kan bli for dominerande i opplæringa. Dette til trass for at dei oppgir å vera interessert data. Skuldast dette einsidig og lite spanande bruk av digitale verktøy? Opplever ungdommane at den "matnyttige" bruken av PC ikkje er særleg morosam?
Spørsmåla er mange og eg tvilar på at nokon kan gi eintydige svar. Sjølv føler eg at eg bør bruke relativt mykje tid på å sette meg inn i digitale verktøy og ressursar. Gjennom dette kan eg gjera eit aktivt val av det eg IKKJE vil bruke. Ved å avvise ein ressurs utan å kjenne den kan eg risikere å avvise eit godt verktøy. Men klarar eg å sjå dei gode sidene ved alle verktøy? Bør me etablere ei tettare utveksling av brukarerfaring både innan fagfeltet og på tvers av desse?
Dei næraste dagane vert nok brukt til å prøve ut nye verktøy så vil tida vise om elevane vert involvert i bruken.

tirsdag 7. desember 2010
Karakteren ...
... eller vurderinga gitt av læraren skal fortelje i kva grad eleven har nådd kompetansemåla i lærplanen. Læraren skal legge til rette for at eleven skal få vist kompetansen sin. Men eleven må sjølv sørge for å delta i undervisninga slik at læraren får grunnlag for si vurdering. Utfordringa for mange lærarar (etter mi erfaring særleg dei med lang fartstid) er å halde seg strengt til kompetansemåla når dei vurderar. Mange ønskjer å ta med iver og aktiv deltaking i timane som kriterium ved fastsetting av karakter.
Eg kjenner ikkje til fag der opprekking av handa i timane er eitt av kompetansemåla. I den grad aktivitet og høg frammøteprosent skal telje med i vurderinga må dette skje som ei følgje av at dette har auka kompetansen til eleven. Deltakinga i seg sjølv skal ikkje premierast. Om eleven skal vidare i skulesystemet eller inn i arbeidslivet er det kompetansen i faget som er viktig. Iver og interesse, eller mangel på dette, kjem til uttrykk gjennom karakteren i orden og/eller åtferd.
På meg kan et virke som om nokre lærarar vert skuffa og vonbroten om ein elev har oppnådd kompetanse på ein annan arena enn i klasserommet. Dersom ein elev syner liten deltaking i timane, men likevel klarar å overtyde meg om høg kompetanse i faget har han rett og krav på ein høg karakter. Kvar, på kva måte, når, av kven og korleis eleven har oppnådd kompetansen er ikkje noko læreplanmål og skal ikkje påverke karakteren i faget. Om eleven gjennom sin aktivitet og åtferd påverkar læringsmiljøet i klassa på ein negativ måte kan dette kome til uttrykk gjennom nedsett karakter i orden og åtferd.
Nokre lærarar vil hevde at dei må kunne setje ned fagkarakteren til ein elev som stadig nyttar PC-en til ikkje faglege ting (t.d. spel og Facebook). Dei må i alle fall kunne truge med dette. Høyrer du til blant desse lærarane får du berre hugse på at dette er ein tom trussel. Dette har ikkje noko med faget å gjera. Du får heller vedgå at undervisninga di er kjedeleg og kanskje treng ei fornying. Om karakteren vert lågare enn den kunne ha vore må dette vera ei følgje av at kompetansen ikkje er høgare. Årsaka til dette kan vera dårleg innsats i timane. Men det er den reelle kompetansen og ikkje årsaka til kompetansen me skal vurdere.
Mange flinke elevar slit med å halde oppe motivasjonen i timane fordi dei ikkje får utfordringar. Når desse må finne på eigenaktivitet for å fylle skuledagen kan dei lett dra med seg mindre flinke elvar inn i internettverda. Som lærarar må me ikkje gløyme desse elevane. Kanskje me kan nytte dei til noko positivt ved å dra dei aktivt med i opplæringa av medelevar. Skal du lære bort eller forklare noko må du kjenne stoffet godt. På den viset vil alle kunne auke sin kompetanse.
Me er late. Det enklaste er å følgje same opplegget eg har brukt tidlegare. Dette gir lite planlegging og meir tid til andre gjeremål. Ta utfordringa: Forny undervisninga di. Truleg vil dette gi ein betre kvardag både for elevar og lærarar.

Abonner på:
Innlegg (Atom)