onsdag 4. desember 2013

Tilpassa opplæring

vert det kalla, men i mange tilfelle er bjørneteneste eit betre, og rettare, uttrykk for det som skjer i grunnskula. Når me startar skuleåret med ein prat med kvar einskild elev får me ofte høyre at fag som matematikk og engelsk er vanskelege. Eleven har gjerne vanskar med lesing og skriving generelt. Kva har så vore botemiddelet i ungdomsskulen? Jo, eleven er tatt ut frå klassa og plassert saman med vaktmeistaren.
Kan nokon forklare meg korleis ein elev vert betre i lesing, skriving, rekning og engelsk ved å vera ute frå undervisninga i store delar av skuledagen?
Når elevane kjem til vidaregåande skule vil dei fleste ha som mål å få seg eit fagbrev. Ein fagarbeidar i dag må ha kompetanse i fag nemnt over. Korleis skal elevane kunne følgje klassa i desse faga om dei ikkje har grunnlaget frå ungdomsskulen?
Elevar som treng ekstra hjelp til innlæring må få nettopp slik lærehjelp og ikkje bli "premiert" med å sleppe undervisning. Å tenkje berre på dette skuleåret eller åra fram til eleven er ferdig med ungdomsskula er korttenkt. Dei som er 14 - 16 år i dag skal kanskje ha rundt 50 år i arbeidslivet etter at dei er ferdige med utdanninga si. Det er desse åra me må ha i tankane for barn og ungdom på deira veg gjennom skula.

Eit anna merkeleg fenomen er at elevar som treng ekstra tilpassing ofte vert plassert saman med ein elevassistent. Burde ikkje ein pedagog med spesialkompetanse vera betre rusta til å gi denne eleven ei god opplæring? Kva gjer ein ufaglært elevassistent betre egna?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar