onsdag 25. juli 2012

Livredde lærarar ---


… ynskjer at stort fråvær skal gi strykkarakter i fag. Kompetanse i fag kan lærast andre stader enn på skule og av andre enn lærarar. Karakter i fag skal syne kompetanse i faget. Stort fråvær må gi konsekvensar for ordenskarakteren. Det er dette ”faget” eleven syner dårleg kompetanse i ved stort fråvær.

Dei fleste elevane vil ha positiv effekt av å vera på skula sjølv om innsatsen gjennom skuledagen kan vera laber. Men om ein elev har god kompetanse i faget skal dette gjerast synleg gjennom ein god karakter. Slik sett må elevane vera til stades slik at læraren får grunnlag for ei rett vurdering av kompetansen. Kvar kompetansen er tileigna er, for meg som arbeidsgjevar, av liten interesse og det burde den vera for læraren også. Er elevar borte frå skulen vert det meir tid til dei elevane som er der. Kanskje desse då kan hjelpast betre?

Bør karakterane i orden og åtferd bli gradert finare enn i dag? Om alle startar på 4 kan god innsats (lite fråvær og aktiv deltaking i opplæringa) lønast med høgare karakter medan dårleg frammøta og liten innsats gir redusert karakter.

Andre sida av dette er eleven som slit i faget sjølv om det vert lagt ned mykje arbeid både på skula og heime for å tileigne seg kompetanse. I dag er det ingen stad denne innsatsen vert løna i form av betre karakter (sjølv om enkelte lærarar ynskjer å gi høgare karakter i fag ved god innsats).

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar