lørdag 24. oktober 2009

Sosiale nettverk og spel ...

... får priortet når undervisninga er for dårleg, eller eleven treng ei lita pause. Nå eg i min barn- og ungdom vart lei læraren si framføring gjekk blikket mot vindauga og tankane tok seg ein tur i draumeverda. Kanskje blyanten laga meir eller mindre snodige figurar på papiret. Kor langt eg var borte frå det som foregjekk i undervisninga kunne nok variere. I blant kunne dette vera eit middel til å halde øyra på det læraren fortalde. Andre gonger var det rett og slett eit behov for pause som gjorde at eg (får eg håpe) kom sterkare tilbake etter nokre minutt. Kven har ikkje opplevd dette eller liknande? Er du like merksam på alt det som foregår gjennom ein dag på skule- eller kursbenken?



Kva gjer elevane i dag? Med PC-en på pulten er det lett å klikke seg inn på ulike nettsider og la tankane kvile ved det som skjer der. Dette kan vera alt frå å oppdatere profilen på Facebook, delta i meir eller mindre krevande spel, lese nyheiter eller sende e-post. I klasserommet skjer nok mykje av dette under påskudd av at det vert tatt notatar.
Kva er skilnaden på det som skjer i dag sett opp mot det me var med på for nokre år sidan? I dag er det bruk av PC og kontakt med verda utanom skulen. Tidlegare var det din eigen fanatsiverd som fekk besøk. Men er det nokon skilnad sett opp mot læring? For eleven det gjeld trur eg ikkje det. Under føresetnad av at eleven "kjem tilbake" ganske raskt. Dette kan vera vanskeleg om spelet vert interessant, men MSN-meldinga og Facebookprofilen er det fort å kome vekk frå att.
Er det då noko problem om elevane nyttar PC-en til anna enn aktivitet knytt til faget? Ja, kanskje. Det er ein skilnad på kven andre som vert merksam på at eleven ikkje følgjer med i undervisninga. Tidlegare var dette i beste fall læraren. No er det alle elevane som sit i ein trekant bak eleven. Ein PC-skjerm som stadig er i endring vil trekke til seg blikket frå dei som kan sjå den. Då kan det fort vera fleire som let tankane fare og det er ikkje sikkert at desse er like kjeppe til å kome tilbake som den som starta "flukta".
Kva er det som fører til tankeflukt og endra mål for merksemda? Det er når eg vert sliten eller mistar interessa for det som burde vore i fokus. Som lærar får eg med dette ei utfordring.

NÅR ELEVANE "FORLET" UNDERVISNINGA ER EG KJEDELEG ELLER DÅRLEG I PRESSET PÅ Å HALDE MERKSEMDA PÅ FAG.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar