mandag 8. mars 2010

Mobbeboka ...

... Fordi jeg fortjener det? av Kristin Oudmayer set tankane i sving når det gjeld mobbing i skula. Det vert mange spørsmål og få svar. Det som sit att etter å ha lest historiene til dei som vert mobba er at mange har dårleg sjølvbilete og skil seg ut frå mengda på ein eller annan måte.
  • Kvar går grensa mellom vennskapleg erting (det å høyre til og bli sett) og mobbing?
  • Kva meiner den som gjer eller seier noko og korleis vert dette oppfatta av dei som ser og høyrer?
  • Er det frykta for det ukjente som gjer at nokon mobbar?
  • Kan skula gjere noko for å styrke sjølvbiletet?
  • Korleis kan me få elevane til å tenkje over handlingane sine før dei gjer eller seier noko som kan såre?
  • Korleis kommenterar me som lærarar elevane sine spørsmål og oppgåvesvar?
  • Forstår elevane ironi?
  • Om eleven eg snakkar til forstår at kommentaren ikkje er vondt meint, men er meint å skulle illustrere poenget på ein litt artig måte. Korleis vert dette oppfatta av medelevane?
  • Er all skuld hjå mobbaren?
  • Er det berre mobbaren som skal tilpasse seg?
  • Bør og kan mobbeofferet gjere noko for å kome mobbaren i møte?

 
Nokon kvar bør kanskje tenkje over korleis me oppfører oss i kvardagen. Merksemd rundt mogeleg mobbing bør vera der heile tida. Kampanjar er ikkje alltid det rette. Vert fokuset for sterkt kan nokre gå lei og nærast la seg provosere til å staret mobbing. Kanskje som uskuldig moro i fyrste omgang, men så er det dette med å stoppe i tide. Det kan vera vanskeleg.
Har me med oss overnemnte spørsmål, og kanskje nokre til, i kvardagen, vert det kanskje enklare å oppdage at ikkje alt er som det bør vera. Erfaring tilseier at problem er enklast å løyse medan dei er små.

2 kommentarer:

  1. Hva tenker du selv om dette:

    "# Er det berre mobbaren som skal tilpasse seg?
    # Bør og kan mobbeofferet gjere noko for å kome mobbaren i møte?"

    SvarSlett
  2. Ut frå dei sakene eg kjenner til (har vore involvert i) er det ei årsak til at mobbinga skjer. Ut frå det har også mobbeofferet eit medansvar og kan bidra til å få slutt på mobbinga. Mobbinga vert ein form for forsvar. Ei konflikt har minst to partar. Eg trur me må høyre alle dersom konflikta skal finne si løysing.
    Med dette er det ikkje sagt at alle mobbesasker kan løysast på same måte, men alle bør få kome til orde og gi sin versjon.

    SvarSlett