mandag 8. mars 2010

Mobbeboka ...

... Fordi jeg fortjener det? av Kristin Oudmayer set tankane i sving når det gjeld mobbing i skula. Det vert mange spørsmål og få svar. Det som sit att etter å ha lest historiene til dei som vert mobba er at mange har dårleg sjølvbilete og skil seg ut frå mengda på ein eller annan måte.
  • Kvar går grensa mellom vennskapleg erting (det å høyre til og bli sett) og mobbing?
  • Kva meiner den som gjer eller seier noko og korleis vert dette oppfatta av dei som ser og høyrer?
  • Er det frykta for det ukjente som gjer at nokon mobbar?
  • Kan skula gjere noko for å styrke sjølvbiletet?
  • Korleis kan me få elevane til å tenkje over handlingane sine før dei gjer eller seier noko som kan såre?
  • Korleis kommenterar me som lærarar elevane sine spørsmål og oppgåvesvar?
  • Forstår elevane ironi?
  • Om eleven eg snakkar til forstår at kommentaren ikkje er vondt meint, men er meint å skulle illustrere poenget på ein litt artig måte. Korleis vert dette oppfatta av medelevane?
  • Er all skuld hjå mobbaren?
  • Er det berre mobbaren som skal tilpasse seg?
  • Bør og kan mobbeofferet gjere noko for å kome mobbaren i møte?

 
Nokon kvar bør kanskje tenkje over korleis me oppfører oss i kvardagen. Merksemd rundt mogeleg mobbing bør vera der heile tida. Kampanjar er ikkje alltid det rette. Vert fokuset for sterkt kan nokre gå lei og nærast la seg provosere til å staret mobbing. Kanskje som uskuldig moro i fyrste omgang, men så er det dette med å stoppe i tide. Det kan vera vanskeleg.
Har me med oss overnemnte spørsmål, og kanskje nokre til, i kvardagen, vert det kanskje enklare å oppdage at ikkje alt er som det bør vera. Erfaring tilseier at problem er enklast å løyse medan dei er små.

onsdag 3. mars 2010

Er PC ...

... og bruk av sosiale media redningen i vidaregåande skule? Nei, det har eg ingen tru på. Det har siste tida vorte sagt og skrive mykje om fråfall i vidaregåande opplæring. Elevane sluttar før dei får studie- eller yrkekompetanse. Kvifor er det slik?
Då eg gjekk ut av grunnskula etter 9. klasse var det fleire av mine jamnaldringar som byrja i lønna arbeid. Nokre reiste til sjøs medan andre havna i bygge- og anleggsbransjen. Det dei oppnådde med dette var å få eit avbrekk frå skuledagen. Dei aller fleste kom tilbake på skulebenken og fekk seg ei utdanningen etter nokre år. I dag er dette ei lite brukt løysing for dei skuletrøytte. Restriksjonar i arbeidsmarknaden i høve til alder og opplæring gjer at det er færre arbeidsplassar å velge i. Dessutan vert det venta at alle skal ta vidaregåande opplæring.
Kva fører dette til? Mange skuletrøytte vel det programfaget dei har minst motførestillingar til. Motivasjonen til å gjennomføre opplæringa er minimal. Dette gir lett uro i klassane og dårleg læringsmiljø. Lærarane slit med å få elevane til å arbeide med fagstoffet for å tilegne seg kompetanse.

Alle lærer me på ulikt vis. Kanskje det å forlate det tradisjonelle og flytte opplæringa inn på arena der elevane er og føler seg heime kan bidra til at fleire finn seg til rette. Her er det ikkje snakk om enten eller, men heller både og. Sjølv er eg heldig og har flinke og motiverte elevar. Det dei etterlyser er ei variert opplæring. Det må vera litt forskjell frå time til time. Dette trur eg gjeld den skuletrøytte eleven også.

Ta digitale verkty og sosiale media i bruk der dette vil vera ein naturleg og utviklande del av opplæringa. Skal eg som lærar kunne gjera dette må eg kjenne verktyet og arenaane sjølv. Korleis kan eg, på eit fornuftig grunnlag, velge bort Facebook og Twitter dersom eg ikkje veit kva det er? Har eg kunnskap nok om MSN ved å lese om det i nettaviser?
Kva skal til for at ein lærar skal kunne hevde at Facebook, Twitter, MSN, SMS, simuleringsprogram etc ikkje kan nyttast i si klasse? Jo, læraren må kjenne tenestane og verktya. Dei må prøvast over tid. Og så må me dele idear og tankar rundt bruken.

torsdag 4. februar 2010

Nettverket

... er stengt slik at det ikkje er mogeleg å nytte nettstader som Facebook og Twitter. Elevar, og tilsette, sin bruk av sosiale medier i skule- og arbeidstid tek for mykje tid. Effektiviteten går ned og minkar læringa. Dette er utsegner me høyrer og les om stadig oftare. Er det noko meir enn ein påstand?


Om ein elev "forlet" klasserommet og går inn i sin eiga draumeverd nokre sekund, kan me styre dette? Om eleven ved sida av oppdaterar profilen sin på Facebook på halve tida, skal me kunne styre dette? Kva er skilnaden i læring den tida dei var "ute" av klasserommet?

Eg ser ingen skilnad. Elevane mine kan sjekke Facebook og chatte når dei har behov for nokre sekundar med avkopling. Men dei får ikkje lov til å sjå film eller spele. Dette fordi dei då vert borte meir enn nokre sekund. Med litt trening kan ein snart danne seg eit bilete av kva som opptek elevane på eigen og andres skjerm.

Kvifor er mange så redde for Facebook, MSN og Twitter? Eg trur dette er døme på frykta mange har for det ukjente. Etterkvart som eg sjølv har vorte kjent med sosiale media og andre digitale verkty har dei vorte lettare å akseptere. Det er også enklare å vurdere om dei inneheld moment eg kan gjera meg nytte av i undervisninga.

tirsdag 26. januar 2010

Lærarane ...

... sin kompetanse i bruk av data er, naturleg nok, svært varierande. Nokre nyttar mykje tid med PC-en medan andre tastar det dei må og ikkje meir. PC vert nytta som hjelpemiddel i ulik grad i ulike yrke. Som lærar i yrkesfag har eg tre hovudvegar inn mot bruken av PC.

Den eine vegen er av administrativ art og gjeld mellom anna føring av fråvær, merknader og vurderingar. Her vil det ofte vera lite rom for tilpassing og me må rette oss etter det som vert pålagt frå arbeidsgjevar.

Veg to er PC-en som hjelpemiddel i arbeid og fritid. I utdanninga må me gjera elevane kjent med dei mest brukte systema innan kvart yrke. I tillegg bør elevane få kjennskap til bruken av programvare o.l. av meir generell karakter. Dette er slikt som kan nyttast på tvers av yrkesgrupper og privat/jobb. Her vil det delvis vera opp til skuleeigar og delvis opp til faglærar kva som skal nyttast og i kva omfang. Kompetansen elevane oppnår vil i stor grad vera avhengig av den digitale kompetansen til læraren.

Den tredje vegen er dei digitale hjelpemidla me har som pedagogar. Kva skal/bør/kan me nytte i opplæringa?
Her er alt overlatt til læraren. Mange har skaffa seg ein minimumskompetanse som gjer at dei kjem gjennom undervisninga. Andre let seg fasinere av teknikk og kva som er mogleg og har stadig nye variantar av digitale løysingar i opplæringa.

Eg trur mange lærarar har mykje å lære i bruk av data i undervisninga. Kva egnar seg når? Korleis brukar eg filmsnuttar eg finn på nettet? Korleis vert powerpointen mest effektiv? Korleis nyttar eg innleveringar i digital form? Når og korleis kan eg bruke testar? Kva finn er kvar? Korleis skal eg halde meg til ulike nettstader som presenterar seg som gode hjelparar? Spørsmåla er mange, fleire enn dei eg har rekna opp her, og få, om nokon, har enkle fasitsvar.

Det viktigaste spørsmålet står att
KVA ER DET SOM TENAR ELEVEN BEST?

Eg er redd svaret her vert sterkt farga av læraren sin kompetanse og erfaring i bruk av PC.

mandag 18. januar 2010

Krav ...

til tilsette gjer at dei heller vel sjukemelding. Dette vart presentert i nyheitsendingar på radio i dag tidleg. Minnar om ei historie frå skulestarten hausten 2009. Kontaktlæraren i eit yrkesfag VG2 presiserte over for elevane at dei burde gjera ein innsats og at det både frå skula og bedrifter vart venta at dei viste iniativ og interesse for faget. Dette vart møtt med utsagnet: "Du må ikkje seie slikt. Å høyre at det vert stilt krav gjer oss deprimerte".
Korleis kan skula motivere desse til innsats? Kva slags arbeidstakarar vert det av slike?

søndag 10. januar 2010

Elevsamtalene ...

... nærmar seg. Det er tid for ein meir formell samtale mellom elev og kontaktlærar. Gjennom heile skuleåret er det ein dialog mellom elev og faglærar. Her får eleven kjennskap til korleis læraren vurderar kva eleven kan så langt. Vurderinga skal legge vekt på det eleven kan og kva denne bør arbeide med for å auke kompetansen i faget.
Samtala mellom eleven og kontaktlæraren skal ta for seg alt det andre som vedkjem eleven og den denne personen bør lære seg på vegen mot tilværet som vaksen. Som grunnlag for samtala er forskrift til opplæringslova

§ 3-8. Dialog om anna utvikling
Eleven, lærlingen og lærekandidaten har rett til jamleg dialog med kontaktlæraren eller instruktøren om sin utvikling i lys av opplæringslova § 1-1, generell del og prinsipp for opplæringa i læreplanverket.

Dette er omfattande materiale og stiller store krav til læraren. Denne må kjenne innhaldet i overnemnte dokument og kva kompetanse eleven har. Læraren skal så gi råd om korleis eleven bør arbeide vidare for auka positiv utvikling. Ein god kommunikason med alle andre som er i kontakt med eleven på skule er nødvendig. Er framferda den same overfor kontaktlæraren som overfor faglærar, reinhaldar, vaktmeister, rektor og andre? Korleis er samværet med andre elevar?
Med tanke på romjula sitt store tema, mobbing, bør me kanskje vera ekstra merksame på dette. Korleis kan me oppdage om mobbing foregår i vår klasse? Er all skuld hjå mobbaren? Kan den mobba medverke til endra haldningar og framferd? Korleis fortelje dette til partane i ei mobbesak?
Terminkarakterar etter fyrste termin skal settast og elevsamtaler gjennomførast. Utfordringane står i kø ved starten av det nye året. Dette kjem i tillegg til den vanlege undervisninga og det andre arbeidet ein lærar gjer kvar arbeidsdag.
Og etter dette følgjer samtaler med dei føresette...

lørdag 26. desember 2009

Den svake eleven ...

... vert stadig sett i sentrum. Det er mykje snakk om korleis denne skal takast hand om. Sjeldan er det snakk om den sterke eleven. Eleven som ynskjer å lære.
For den som nyttar seg av retten til skuleplass følgjer det med nokre plikter. Desse er det lite snakk om. Mange elevar er ikkje klar over at det finst plikter. Opplæringslova gir elevane plikter. Desse er ofte nærare presisert i ordensreglement for skulen. Eleven skal følgje opplæringa i den form den vert gitt. Dei pliktar å rette seg etter det læraren legg opp til. Sjølvsagt skal dei seie frå om det er noko dei ikkje er nøgde med, men dette skal ikkje gå ut over den planlagt undervisninga. Misnøye må takast opp når tid og stad er rett.

Bråk og uro i klassa krev mykje tid og energi. Dette gir mindre til læring. Slikt slit ikkje berre på læraren. Mange elevar lir også. Dette merkar me når den eine (eller dei 2) elevane ikkje er til stades i undervisninga. Lærings- og klassemiljøet vert betre og med det vert det meir læring.

For alles beste må me gjera klart for elevane at dei har plikter og at brot på desse kan føre til at dei kan få eigne opplegg. Eg trur me må få tilbake meir ro og orden i klasserommet der læraren har autoritet. Autoriteten skal brukast slik at elevane som gruppe får auka læring.