Viser innlegg med etiketten undervegsvurdering. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten undervegsvurdering. Vis alle innlegg

søndag 10. januar 2010

Elevsamtalene ...

... nærmar seg. Det er tid for ein meir formell samtale mellom elev og kontaktlærar. Gjennom heile skuleåret er det ein dialog mellom elev og faglærar. Her får eleven kjennskap til korleis læraren vurderar kva eleven kan så langt. Vurderinga skal legge vekt på det eleven kan og kva denne bør arbeide med for å auke kompetansen i faget.
Samtala mellom eleven og kontaktlæraren skal ta for seg alt det andre som vedkjem eleven og den denne personen bør lære seg på vegen mot tilværet som vaksen. Som grunnlag for samtala er forskrift til opplæringslova

§ 3-8. Dialog om anna utvikling
Eleven, lærlingen og lærekandidaten har rett til jamleg dialog med kontaktlæraren eller instruktøren om sin utvikling i lys av opplæringslova § 1-1, generell del og prinsipp for opplæringa i læreplanverket.

Dette er omfattande materiale og stiller store krav til læraren. Denne må kjenne innhaldet i overnemnte dokument og kva kompetanse eleven har. Læraren skal så gi råd om korleis eleven bør arbeide vidare for auka positiv utvikling. Ein god kommunikason med alle andre som er i kontakt med eleven på skule er nødvendig. Er framferda den same overfor kontaktlæraren som overfor faglærar, reinhaldar, vaktmeister, rektor og andre? Korleis er samværet med andre elevar?
Med tanke på romjula sitt store tema, mobbing, bør me kanskje vera ekstra merksame på dette. Korleis kan me oppdage om mobbing foregår i vår klasse? Er all skuld hjå mobbaren? Kan den mobba medverke til endra haldningar og framferd? Korleis fortelje dette til partane i ei mobbesak?
Terminkarakterar etter fyrste termin skal settast og elevsamtaler gjennomførast. Utfordringane står i kø ved starten av det nye året. Dette kjem i tillegg til den vanlege undervisninga og det andre arbeidet ein lærar gjer kvar arbeidsdag.
Og etter dette følgjer samtaler med dei føresette...

søndag 8. november 2009

Vurdering ...

... er delt i to. Sluttvurderinga skal syne kva kompetanse eleven har i faget når opplæringa er avslutta. Dette er det eleven kan i dette faget. Innsats, frammøteprosent og iver etter å lære faget, eller motsett, skal ikkje telle med. Dette er greitt. Ein elev med stort fråver og dårleg innstilling til faget vil ofte oppnå ein dårlegare kompetanse enn ein som er flittig. Samstundes kan det vera forhold ved opplæringa som gjer at enkelte elevar har større utbytte av eigenstudiar enn opplæring i samla klasse. Ein framtidig arbeidsgjevar vil i fyrste omgang vete kva kompetanse ein person har i faget. På kva måte personen har oppnådd kompetansen er underordna. Utfordringa for eleven, og kæraren vert då korleis eleven skal få synt denne kompetansen til læraren. Forskrifta til opplæringslova pålegg læraren å legge til rette for at eleven skal få synt dette. Men kor langt skal ein strekke seg og korleis skal eleven kunne syne praktisk kompetanse utanom skulearenaen?
Eleven som er lite tilstades i timane vil også gå glipp av ein vesentleg del av undervegsvurderinga. Dette er den vurderinga læraren skal utøve parallelt med undervisning og annan opplæring. Undervegsvurderinga er todelt ved at den gir ei tilbakemelding om korleis arbeidet er gjort så langt og ei framovermelding om korleis læringa bør leggast opp vidare. For prøver og andre innleveringar kan slik undervegsvurdering gjevast gjennom skriftlege meldingar. Praktiske arbeidsoppgåver er det meir naturleg å kommentere munnleg og etter kvart som arbeidet går framover. Vurderingane skal ha ein lærande effekt. Talkarakteren på prøva som vert krølla saman i sekken er det liten verdi i. Den må følgjast av noko meir. Forskrifta til opplæringslova pålegg eleven å delta i vurderinga av den læringa han er ein del av og den kompetansen dette gir eleven. Ei samtale mellom lærar og elev vil kanskje vera det ideelle, men gir skuledagen rom for dette? Kan tida då elevane arbeider sjølvstendig med fagstoff nyttast til at læraren snakkar med enkeltelevar? Kor lett/vanskeleg er det å få til samtaler under fire auge i ein vanleg undervisningssituasjon? Her er det nok ein del skilnad mellom skulebygningar, elevgrupper, fag og lærarar.


Alle elevar skal no ha vurdering med karakter. Deltatt er ikkje lenger noko alternativ i dokumentasjonen til eleven etter gjenomført opplæring. For elevar som følgjer den vanlege læreplanen er ikkje dette noko problem. Kva med eleven som har eigen opplæringsplan (IOP) der læreplanmåla er sterkt innskrenka? Sett opp mot den fulle læreplanen vil ein kunne oppleve at elevar, sjølv med nær full måloppnåing etter sin IOP, ikkje kan få betre karakter enn 1-2. For nokre elevar er det å møte opp på skulen og delta i ei oppsett opplæring utfordring nok. Å tileigne seg kompetanse i fag i tillegg kan framstå som nær umogleg. Særleg om denne skal vera omfattande. Er det rett at desse skal ha ein talkarakter? Kva hjelp er dette framfor at eleven får delteke? Så kan ein spørje kvifor desse elevane er elevar i vidaregåande opplæring.

Tidlegare var det mange ungdommar som tok seg arbeid etter gjennomført grunnskule. Nokre av desse kom tilbake og tok vidare utdanning medan andre vart i arbeidslivet og vart dugande innan sitt felt utan vidare skulegang. I dag er det ikkje berre ein rett, men nærast ei plikt å gå på vidaregåande skule. Noko av dette kan skuldast at det er avgrensa kva ungdom på 16-17 år kan utføre av arbeid. Ville fleire hatt godt av eit meir aktivt tilbod om opplæring gjennom arbeid? Burde fleire få tilbod om arbeid utan å vera ein del av skulesystemet? Korleis vil dette kunne påverke skuledagen for for dei som er att i skulen?