hadde rekordlågt tal på elevar som braut av opplæringa skuleåret 2009-10. 7 elevar, dvs under 3%, slutta i løpet av skuleåret. Det er sikkert mange grunnar til at det var så få, men eg vil peike på nokre element eg trur er viktige.
Læringstrykk, rammer og god stemning er sentrale element.
Kor mange har deltatt på møte der du sit og lurar på om dette er rett tidbruk? Er det læring eller noko anna viktig som gjer at eg bør vera her? Korleis føler elevnae det dersom skuledagen vert utan læringstrykk? Kva er meininga med å vera på skula dersom det ikkje skjer noko ut over det å vera saman med venner? Læraren må syne kven som er leiar i klasserommet og legge til rette for effektiv læring. Me må syne at me stiller krav til elevane og ventar at dei yt etter evne.
Dei fleste ungdomane ynskjer klare rammer og set pris på at det vert stilt krav og forventningar til dei. Ved å nytte læreplanen, i klare ordelag forklare kva som skal til for å oppnå ulike karakterar og gjennom samtaler med eleven gjere det klart kva mål me meiner er realistisk målsetning, vil våre forventningar bli klarlagt.
Parallelt med at me gjer det klart at me ventar innsats må me skape eit godt klassemiljø. Læring er enklast når me har det triveleg. Ei lett og god tone mellom elevane og mellom elevar og lærar gjer skuledagen lettare. Eit godt læringsmiljø har som kjenneteikn at det er lov å lære. Den flinke eleven vert ikkje sett ned på som ein som gjer alt for å tilfredsstille læraren. Dette saman med godt sosialt miljø gir eit godt klassemiljø der både elevar og lærarar ser fram til ein ny dag.
Her luftar eg nokre av mine tankar som lærar i vidaregåande skule. Hovudvekta vil vera omkring bruk av data i opplæringa og som administrativt verkty. Andre emne finn du kommentert under http://jensrom2.blogspot.com
Viser innlegg med etiketten læringsmiljø. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten læringsmiljø. Vis alle innlegg
tirsdag 24. august 2010
søndag 10. januar 2010
Elevsamtalene ...
... nærmar seg. Det er tid for ein meir formell samtale mellom elev og kontaktlærar. Gjennom heile skuleåret er det ein dialog mellom elev og faglærar. Her får eleven kjennskap til korleis læraren vurderar kva eleven kan så langt. Vurderinga skal legge vekt på det eleven kan og kva denne bør arbeide med for å auke kompetansen i faget.
Samtala mellom eleven og kontaktlæraren skal ta for seg alt det andre som vedkjem eleven og den denne personen bør lære seg på vegen mot tilværet som vaksen. Som grunnlag for samtala er forskrift til opplæringslova
§ 3-8. Dialog om anna utvikling
Eleven, lærlingen og lærekandidaten har rett til jamleg dialog med kontaktlæraren eller instruktøren om sin utvikling i lys av opplæringslova § 1-1, generell del og prinsipp for opplæringa i læreplanverket.
Dette er omfattande materiale og stiller store krav til læraren. Denne må kjenne innhaldet i overnemnte dokument og kva kompetanse eleven har. Læraren skal så gi råd om korleis eleven bør arbeide vidare for auka positiv utvikling. Ein god kommunikason med alle andre som er i kontakt med eleven på skule er nødvendig. Er framferda den same overfor kontaktlæraren som overfor faglærar, reinhaldar, vaktmeister, rektor og andre? Korleis er samværet med andre elevar?
Med tanke på romjula sitt store tema, mobbing, bør me kanskje vera ekstra merksame på dette. Korleis kan me oppdage om mobbing foregår i vår klasse? Er all skuld hjå mobbaren? Kan den mobba medverke til endra haldningar og framferd? Korleis fortelje dette til partane i ei mobbesak?
Terminkarakterar etter fyrste termin skal settast og elevsamtaler gjennomførast. Utfordringane står i kø ved starten av det nye året. Dette kjem i tillegg til den vanlege undervisninga og det andre arbeidet ein lærar gjer kvar arbeidsdag.
Og etter dette følgjer samtaler med dei føresette...

lørdag 26. desember 2009
Den svake eleven ...
... vert stadig sett i sentrum. Det er mykje snakk om korleis denne skal takast hand om. Sjeldan er det snakk om den sterke eleven. Eleven som ynskjer å lære.
For den som nyttar seg av retten til skuleplass følgjer det med nokre plikter. Desse er det lite snakk om. Mange elevar er ikkje klar over at det finst plikter. Opplæringslova gir elevane plikter. Desse er ofte nærare presisert i ordensreglement for skulen. Eleven skal følgje opplæringa i den form den vert gitt. Dei pliktar å rette seg etter det læraren legg opp til. Sjølvsagt skal dei seie frå om det er noko dei ikkje er nøgde med, men dette skal ikkje gå ut over den planlagt undervisninga. Misnøye må takast opp når tid og stad er rett.
Bråk og uro i klassa krev mykje tid og energi. Dette gir mindre til læring. Slikt slit ikkje berre på læraren. Mange elevar lir også. Dette merkar me når den eine (eller dei 2) elevane ikkje er til stades i undervisninga. Lærings- og klassemiljøet vert betre og med det vert det meir læring.
For alles beste må me gjera klart for elevane at dei har plikter og at brot på desse kan føre til at dei kan få eigne opplegg. Eg trur me må få tilbake meir ro og orden i klasserommet der læraren har autoritet. Autoriteten skal brukast slik at elevane som gruppe får auka læring.
Etiketter:
klassemiljø,
læringsmiljø,
opplæringslova
Abonner på:
Innlegg (Atom)