fredag 11. februar 2011

IKT-forum 2011 2. dag

I går vart me presentert for fleire ulike digitale verktøy. Det vart synt døme på korleis dei kan brukast utan at det vart gått i djupet. Programmet for dag 2 syner djupdykk i tankekart og litt meir om Facebook. Er dette noko for meg? Tankekart er eg tvilande til og Facebook kjenner eg. Kunne dagen heller vore nytta til å kome nærare inn på verktøya som vart presentert i går?

Tankekart er ikkje for alle, men kan nyttast i mange samanhengar. Sesjonen med Guttorm Hveem ga ei grei innføring og nokre nye tankar om bruken. Framleis er eg skeptisk og ser ikkje den heilt store nytteverdien i mine fag. Men innføringa kan kanskje kome til nytte i andre samanhengar.

Korleis bruke Facebook? Som kontaktlærar kan lukka side for klassa nyttast til kommunikasjon mellom lærar og elev og også mellom elevar. Dette skjer på ein meir aktiv måte enn i t.d. It's learning. Facebook og andre sosiale media kan nyttast for å stimulere skriving. Tja. Som skrivestimulerande verktøy ser eg fordelen, men eg har ikkje fag der dette er eit moment.

Kvifor skal skula oppsøke elevane for å få gitt informasjon? Er det ikkje læring i at elevane, regelmessig, må oppsøke stadene dei veit at informasjonen er å finne?

Kva tek eg med meg tilbake til eigen skule?
Tankar om nye digitale verktøy som det må finnast tid til å prøve ut før dei eventuelt kan nyttast saman med elevane.

Kva saknar eg?
Betre innføring i dei verktøya eg har mest tru på som nyttige for meg. Utveksling av brukarerfaringar i verktøy fleire av oss nyttar til dagleg. Korleis vert dei brukt? Positive og negative erfaringar? Kva er dei sterke og svake sidene?

Ein viktig faktor med slike samlingar er den uformelle praten i pauser og fritid. Å høyre korleis ting vert gjort på andre skuler er alltid av interesse.

torsdag 10. februar 2011

IKT-forum 2011 1. dag

Lærarar frå Buskerud er samla til IKT-forum i Kongsberg. Det vert presentert mange ulike digitale verktøy og ulike måtar å nytte desse på. Kva nytteverdi har alle desse i opplæring? Er dette leiketøy for teknointeresserte lærarar eller kompetansehevande for elevane?
I naturfag er dei kome langt i å lage digitale ressursar. Kan dette førast over og takast i bruk i andre fag?

Kor mykje tid må eg som lærar nytte på å sette me inn i alt dette? Kor mykje tid vil elevane bruke før dei kan ta verktøya i bruk for læring av fag? Kan me forsvare denne tidbruken? Tida me nyttar til å lære bruk av digitale verktøy reduserar tida me har til å lære faget. Kor mange av lærarane kan me vente at set seg inn i desse verktøya? Kor mange fag kan me fordele tida brukt til digital læring på?

Mange av "mine" elevar oppgir ønsket om å arbeide med data som årsak til å søke seg til VG1 elektrofag. Kva skjer gjennom skuleåret? Dei fleste går vekk frå dette og finn større interesse i andre delar av faget. Dette opplever eg som positivt. Det som er interessant er at fleire elevar gir uttrykk for at PC-en, til tider, kan bli for dominerande i opplæringa. Dette til trass for at dei oppgir å vera interessert data. Skuldast dette einsidig og lite spanande bruk av digitale verktøy? Opplever ungdommane at den "matnyttige" bruken av PC ikkje er særleg morosam?
Spørsmåla er mange og eg tvilar på at nokon kan gi eintydige svar. Sjølv føler eg at eg bør bruke relativt mykje tid på å sette meg inn i digitale verktøy og ressursar. Gjennom dette kan eg gjera eit aktivt val av det eg IKKJE vil bruke. Ved å avvise ein ressurs utan å kjenne den kan eg risikere å avvise eit godt verktøy. Men klarar eg å sjå dei gode sidene ved alle verktøy? Bør me etablere ei tettare utveksling av brukarerfaring både innan fagfeltet og på tvers av desse?

Dei næraste dagane vert nok brukt til å prøve ut nye verktøy så vil tida vise om elevane vert involvert i bruken.

tirsdag 7. desember 2010

Karakteren ...

... eller vurderinga gitt av læraren skal fortelje i kva grad eleven har nådd kompetansemåla i lærplanen. Læraren skal legge til rette for at eleven skal få vist kompetansen sin. Men eleven må sjølv sørge for å delta i undervisninga slik at læraren får grunnlag for si vurdering. Utfordringa for mange lærarar (etter mi erfaring særleg dei med lang fartstid) er å halde seg strengt til kompetansemåla når dei vurderar. Mange ønskjer å ta med iver og aktiv deltaking i timane som kriterium ved fastsetting av karakter.
Eg kjenner ikkje til fag der opprekking av handa i timane er eitt av kompetansemåla. I den grad aktivitet og høg frammøteprosent skal telje med i vurderinga må dette skje som ei følgje av at dette har auka kompetansen til eleven. Deltakinga i seg sjølv skal ikkje premierast. Om eleven skal vidare i skulesystemet eller inn i arbeidslivet er det kompetansen i faget som er viktig. Iver og interesse, eller mangel på dette, kjem til uttrykk gjennom karakteren i orden og/eller åtferd.
På meg kan et virke som om nokre lærarar vert skuffa og vonbroten om ein elev har oppnådd kompetanse på ein annan arena enn i klasserommet. Dersom ein elev syner liten deltaking i timane, men likevel klarar å overtyde meg om høg kompetanse i faget har han rett og krav på ein høg karakter. Kvar, på kva måte, når, av kven og korleis eleven har oppnådd kompetansen er ikkje noko læreplanmål og skal ikkje påverke karakteren i faget. Om eleven gjennom sin aktivitet og åtferd påverkar læringsmiljøet i klassa på ein negativ måte kan dette kome til uttrykk gjennom nedsett karakter i orden og åtferd.
Nokre lærarar vil hevde at dei må kunne setje ned fagkarakteren til ein elev som stadig nyttar PC-en til ikkje faglege ting (t.d. spel og Facebook). Dei må i alle fall kunne truge med dette. Høyrer du til blant desse lærarane får du berre hugse på at dette er ein tom trussel. Dette har ikkje noko med faget å gjera. Du får heller vedgå at undervisninga di er kjedeleg og kanskje treng ei fornying. Om karakteren vert lågare enn den kunne ha vore må dette vera ei følgje av at kompetansen ikkje er høgare. Årsaka til dette kan vera dårleg innsats i timane. Men det er den reelle kompetansen og ikkje årsaka til kompetansen me skal vurdere.
Mange flinke elevar slit med å halde oppe motivasjonen i timane fordi dei ikkje får utfordringar. Når desse må finne på eigenaktivitet for å fylle skuledagen kan dei lett dra med seg mindre flinke elvar inn i internettverda. Som lærarar må me ikkje gløyme desse elevane. Kanskje me kan nytte dei til noko positivt ved å dra dei aktivt med i opplæringa av medelevar. Skal du lære bort eller forklare noko må du kjenne stoffet godt. På den viset vil alle kunne auke sin kompetanse.

Me er late. Det enklaste er å følgje same opplegget eg har brukt tidlegare. Dette gir lite planlegging og meir tid til andre gjeremål. Ta utfordringa: Forny undervisninga di. Truleg vil dette gi ein betre kvardag både for elevar og lærarar.

søndag 29. august 2010

Arbeidsmiljøet ...

... slik lærarar og andre tilsette opplever det vil påverke det meste som skjer ved ei skule. Der dei tilsette trivst med arbeidsoppgåvene sine og samværet med kollegaer vil det bli ei positiv atmosfære som smittar over på elevane. På same måte vil ei negativt atmosfære påverke elevane.


Ein arbeidsplass kan gjerne vera hektisk, men ikkje kaotisk. Leiarane skal leie, men på ein naturleg måte slik at det ikkje vert oppfatta som unødvendig og overdriven bruk av makt. Dette gjeld på alle nivå, frå rektor til læraren i klasserommet, reinhaldarar, vaktmeistarar, kantinepersonale, bibliotekar, kontorpersonale og andre. Alle har me ansvar på våre område og kan (bør, skal) rettleie andre i korleis me ynskjer å ha det.

Som arbeidstakarar bør me vera stolte over arbeidsplassen vår og det arbeidet me gjer. Dersom me ikkje er dette bør me setje oss ned og tenkje godt gjennom om me er der me bør vera. Vil det vera betre med skifte av beite? Alternativet til å sjå seg om etter nytt beite er - - -




- - - å stille nokre spørsmål:

Kva er eg ikkje nøgd med?
Er det rammer og vilkår, utanfor det skula kan avgjere, som gjer meg misnøgd?
Kva kan EG gjera for å få det betre på arbeidsplassen min?
Er eg villig til å gjera dette?
Gjer eg ein god nok jobb sjølv om eg ikkje trivst?
Påverkar mi misnøye andre på arbeidsplassen?

Det kan vera mange og samansette grunnar til at ein ikkje trivst på arbeidsplassen. Å finne alternative arbeidsgjevarar kan vera vanskeleg , særleg utover i distrikta. Eit minimumskrav leiarar og kollegaer bør kunne stille er at alle gjer sitt beste for at arbeidsmiljøet skal vera godt. Misnøye skal ikkje sopast under teppet, men den treng heller ikkje virvlast rundt som ei støvsky. Ta opp misnøya der dette er naturleg, men ikkje la dette verte eit altoverskyggande tema i alt samvær med kollegaer. Dette kan føre til at andre vel å bytte arbeidsplass.

Læraren si haldning til skula som arbeidsplass, institusjon og oppgåve vil påverke elevane. Eksempelets makt er mykje sterkare enn teorien. Elevane vil ta etter vår væremåte i ord og gjerning. Har me ei slett haldning kan dette i neste omgang føre til at elevane får dårlegare måloppnåing enn dei har føresetnader for og kanskje sluttar dei før opplæringa er ferdig.

Dette endar med:
Bør EG slutte? Kan EG fortsette?






Lukke til med avgjerda.

tirsdag 24. august 2010

Ål vidaregåande skole

hadde rekordlågt tal på elevar som braut av opplæringa skuleåret 2009-10. 7 elevar, dvs under 3%, slutta i løpet av skuleåret. Det er sikkert mange grunnar til at det var så få, men eg vil peike på nokre element eg trur er viktige.
Læringstrykk, rammer og god stemning er sentrale element.
Kor mange har deltatt på møte der du sit og lurar på om dette er rett tidbruk? Er det læring eller noko anna viktig som gjer at eg bør vera her? Korleis føler elevnae det dersom skuledagen vert utan læringstrykk? Kva er meininga med å vera på skula dersom det ikkje skjer noko ut over det å vera saman med venner? Læraren må syne kven som er leiar i klasserommet og legge til rette for effektiv læring. Me må syne at me stiller krav til elevane og ventar at dei yt etter evne.
Dei fleste ungdomane ynskjer klare rammer og set pris på at det vert stilt krav og forventningar til dei. Ved å nytte læreplanen, i klare ordelag forklare kva som skal til for å oppnå ulike karakterar og gjennom samtaler med eleven gjere det klart kva mål me meiner er realistisk målsetning, vil våre forventningar bli klarlagt.
Parallelt med at me gjer det klart at me ventar innsats må me skape eit godt klassemiljø. Læring er enklast når me har det triveleg. Ei lett og god tone mellom elevane og mellom elevar og lærar gjer skuledagen lettare. Eit godt læringsmiljø har som kjenneteikn at det er lov å lære. Den flinke eleven vert ikkje sett ned på som ein som gjer alt for å tilfredsstille læraren. Dette saman med godt sosialt miljø gir eit godt klassemiljø der både elevar og lærarar ser fram til ein ny dag.

fredag 4. juni 2010

Papirlaus skuledag

Er dette ønskeleg og mogeleg? Det kjem nok litt an på kva ein legg i papirlaust. Kva skal me med papirutgåva? Kvar er papiret når eg treng det? I ein eller annan papirhaug, i ein perm eller som ein krøll i botnen av PC-sekken? Er den i sekken er det nok i nærleiken når eg treng det elles er det mest truleg ein annan stad enn eg. PC-en er sjeldan langt borte når eg skal gjera skulearbeid. Den digitale versjonen er dermed der eg er, når eg treng innhaldet.
Skulekvardagen kan delast i to. Det eg kan gjera noko med og det andre avgjer.
Administrasjonen krev at eg signerar min elektronisk produserte reiserekning med BLÅ penn. Dette krev utskrift. Permisjonssøknad og vikartimeliste må skrivast på skjema i papirutgåve. Dette skuleåret har eg fått mest papir som student på høgskulekurs og møtedeltakar på ulike samlingar i skuleregi (inkl superbrukarsamling for dataprogram).

Kva så med det eg avgjer sjølv? Her er det ikkje mykje papir, men noko kan det reduserast endå. Dei fleste prøvene har eg levert ut i papir og fått inn att til retting på papir. Kvifor det? Det var mykje enklare å rette prøva der eg ikkje trong tyde skrift, men kunne konsentrere meg om innhaldet. Dette må eg gjere meir. Men får dei prøva via PC-en har dei jo tilgang til notat og andre hjelpemiddel. Ja vel, kva så? Det er heilt OK. Det har eg i min arbeidskvardag også, anten det er som lærar eller næringsdrivande. Men det vert lite gjort ein arbeidsdag der alt må finnast fram blant notat og internettoppslag. Har elevane tilgang til alle hjelpemiddel må oppgåvene lagast etter det. Dette kan gjerast ved at oppgåvemengda er så stor at det må arbeidast effektivt for å bli ferdig eller at oppgåvene krev tekst med eigne ord og refleksjonar for å få rett svar.


Kan eg så si at neste skuleår vil bli heilt papirlaust frå mi side? Den er det nesten i dag. Om me ser vekk frå dei skriftlege prøvene har eg dei siste par åra vore sterkt skeptisk, og lite villig til, å ta i mot elevarbeid i papirform. Det meste er produsert elektronisk og då kan det leverast til meg elektronisk. Nokre elevar likar å teikne på papir framfor å nytte PC, særleg i starten på skuleåret. Dette skal dei få lov til, men dei vil bli oppmoda om å nytte PC-en etterkvart.
I eitt fag skal elevane få levere på papir. Matematikk vert mykje leiting etter rette formelmalar om rekninga skal skje ved hjelp av PC. Unntaket er oppgåver knytt til bruk av rekneark. Det eg har å formidle til elevane kan vera elektronisk, men elevane skal få bruke papir og blyant. Dei har ikkje vont av litt trening i handskrift og noko papir skal eg vel klare å halde orden på.


Eg hatar å få papir så kvifor skal eg dele ut papir til andre? Skuleåret 2010/11 vil eg avgrense papirbruken meir enn i dag. Å kutte ut alt papir trur eg verken er nødvendig eller ønskeleg.

lørdag 3. april 2010

Bør fleire lærarar ...

... digitaliserast? Korleis kan det skje? På fyrste spørsmålat svarar eg klart ja, men på det andre er svaret meir uklart. Elevar med kvar sin PC i klasserommet og lærarar som deltakarar i sosiale medium er neppe dei avgjerande faktorane for at alle elevar skal lukkast med skulegangen.
For læraren kan bruken av sosiale medium vera ei kjelde til inspirasjon og tips om programvare, filmar og anna kan gi ny giv i undervisninga. Ein utvikla delingskultur vil kunne gjere arbeidsdagen enklare og gi meir tid til elevane enn til for- og etterarbeid.
For elevane vil det gi nye utfordringar og ei meir variert opplæring. Det vert vansklegare å spå kva neste time vil bringe. Kanskje kan stoffet presenterast på ulike måtar slik at fleire kan lære på "sin" måte. Delar av opplæringa kan kanskje skje i miljø der elevane er kjent frå før. Der dei føler seg trygge.

Skal digitaliseringa av lærarane lukkast trur eg følgjande moment må tilfredsstillast:
* gode døme må syne at dette er noko som gir gevinst i det aktuelle faget. Læraren må få meir tid til elevane og fleire elevar må lukkast ved å fullføre eller få betre karakter.
* læraren må oppleve ein gevinst i form av betre tid og/eller at undervisninga er god og gir resultat.
* terskelen for å ta dette i bruk må vera så låg som mogeleg.

PC-en er dårleg egna som skrutrekker, fil og hamar, men kan kanskje brukast til andre ting. Planlegging og dokumentasjon er aktuelle emne, men vil PC-bruk gi eit betre resultat? Eg trur me treng faglærarar som ynskjer å leite og prøve seg fram til gode døme. Men her går det tid og då kjem ein fort til prioriteringar. Skal eg "forske" i databruk til arbeidet mitt eller drive med hobbyen eg har kjær eller være saman med familien?

Brukarterskelen vert viktig. Kan eg ta dette i bruk utan å bruke lang tid på å lære bruken, aukar sjansen for å prøve det i faget. For mange vil språket vera ei barriere. Det som er på norsk vil ha ein stor fordel. Sjølve bruken bør vera mest mogeleg sjølvforklarande og logisk. Mange "klikk" for å kome fram til rett stad vert som eit rebusløp der mange går seg bort undervegs. Då vert det enklare å fortsette på gamlemåten.

Ein annan faktor med sosiale medium er at lærarane bør vera kjent i dei miljøa elevane ferdast. Då vert det enklare å forstå mykje av åtferda til ungdomane. Kanskje dette kan gjera PC-en i klasserommet mindre skremmande? Kanskje iveren etter kontroll og stenging vert mindre med auka kjennskap?
Mitt mareritt er ikkje at elevane skal finne ting på nettet som IKKJE vedkjem faget, men at dei skal bli stengt ute frå informasjonen dei treng for å lære faget. Finn elevane ein måte å lære faget på gjennom bruken av PC er dette positivt. Kva digitale verktøy som vert nytta er av mindre interesse (bortsett frå at eg kanskje kan gi dette som tips til andre elevar). Så får eg ta utfordringa ved å lage undervisningsopplegg og oppgåver som gir liten lyst og tid til å ferdast på nettstader eg helst ser elevane held seg vekk frå i timane.